|
Skrive av Beate Nes
|
|
onsdag 12. oktober 2011 |
|
Er du heime på dagen neste torsdag,
og kunne godt tenkje deg å møte nokon til ein hyggeleg lunch og ei fin stund saman med borna dine?
I Herøy kyrkjene deler vi for tida ut ein cd som heiter ”Sølv og gull” til alle borna som vert døypte. Vi ynskjer å fylgje dette opp med ei samling for alle småborn i Herøy, på denne samlinga får vi besøk av Barbro Sulebakk som vil synge songar frå denne plata og snakke om dåpsopplæring. Vi trur at dette vert ei veldig koseleg stund der DU har høve til å møte andre småbarnsforeldre, høyre fin musikk og ete god lunch. Lunchen denne dagen kjem frå Madelynn so vi veit det vert god mat. Dette er eit gratis tilbod til alle dokke med små born, men vi treng at de melder dykk på til kyrkjekontoret
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
700 80 260 / sms til 98 65 42 44 Kanskje kunne dette også fortsette med faste småbarnsamlingar/baysong???? Håper å møte mange av dokke!!!
|