Du er her: Forsida
Om Herøy Kyrkje NY


Utleigereglement PDF Skriv_ut E-post
lørdag 31. mars 2007

UTLEIGEREGLEMENT FOR HERØY KYRKJE

REVIDERT 07.12.06 / FR-SAK 58/06


Desse arrangementa vert tilpassa ordinær aktivitet i kyrkja. Dekking av bord m.m. samt vask vert avtala med kyrkjetenar slik at slik aktivitet ikkje er til hinder for ordinær drift i kyrkja.


Kyrkjelydssal kr. 700 p.r. arrangement
Kyrkjestove kr. 400 p.r. arrangement
Kyrkjetorg kr. 500 p.r. arrangement
Kjøkken kr. 400 p.r. arrangement

Kjøkken, kyrkjetorg og kyrkjelydssal kr. 1100 p.r. arr.
Kjøkken, kyrkjestove, kyrkjetorg og kyrkjelydssal kr. 1800 p.r. arr.

I desse prisane er det ikkje inkludert vasking, alle må difor vaske og rydde etter seg!



Ved utleige av kjøkken, kyrkjetorg og kyrkjelydssal når desse vert nytta til
minnestund etter gravferder kr. 700 p.r. arr.

Ved utleige av kjøkken, kyrkjetorg og kyrkjelydssal når desse vert nytta i tilknyting til arrangement der også kyrkjeskipet er utleigd kr. 800 p.r. arr.

Dersom desse arrangementa har ei varigheit på meir enn 6 timar vert det kravd kr. 300 ekstra.

Ved desse arrangementa er vasking inkludert, men alle brukarar må rydde og gjere klart til vask.


Sist oppdatert ( lørdag 31. mars 2007 )
 
Betalingsregulativ PDF Skriv_ut E-post
lørdag 31. mars 2007

BETALINGSREGULATIV FOR BRUK AV KYRKJENE I HERØY


Vedteke av Herøy kyrkjelege fellesråd i møte 04.10.99, sak 36/99
Rullert av Herøy kyrkjelege fellesråd i møte 18.06.02, sak 26/02
Godkjent av Møre bispedømeråd etter § 20 i Kyrkjelova, brev datert 05.09.02
Revidert av Herøy kyrkjelege fellesråd 09.09.04
Endra av Herøy kyrkjelege fellesråd 01.03.07

1 Vigsle

Det vert ikkje kravd betaling dersom vigselen skjer etter Den norske kyrkja si ordning samt minst eit av brurefolka er medlemar i Den norske kyrkja og har tilknyting til Herøy kommune.


Ved vigsle der ein ikkje nyttar Den norske kyrkje si ordning vert det kravd

kr. 1000 for å dekkje kostnadene med å leige ut kyrkja.


Ved vigsle der ingen av brurefolka er medlemar i Den norske kyrkja eller der ingen av brurefolka er heimehøyrande i Herøy vert det kravd kr. 1000 for å dekkje kostnadene med å leige ut kyrkja.


Organist/kantor har plikt til å gjere teneste berre dersom handlinga vert foretta

etter Den norske kyrkja si ordning. Den som leiger kyrkja kan likevel etter avtale nytte kantor/organist men må då dekkje utgifter til løn for denne tenesta.


Gravferd

Det vert ikkje kravd betaling dersom gravferda skjer etter Den norske kyrkja si ordning og den døde hadde tilknyting til Herøy kommune.


Ved gravferd der ein ikkje nyttar Den norske kyrkja si ordning vert det kravd kr. 1000 for å dekkje kostnadene med å leige ut kyrkja.


Organist kantor har plikt til å gjere teneste berre dersom handlinga vert foretta etter Den norske kyrkja si ordning. Den som leiger kyrkja kan likevel etter avtale nytte kantor/organist men må då dekkje utgifter til løn for denne tenesta.

 

Leige av kyrkja til andre arrangement

Dersom kyrkja vert nytta til soknerådet sitt eige arbeid vert det ikkje kravd betaling. Ved konsertar soknerådet arrangerer, og som gjev overskot, betaler soknerådet kr 1000,- til dekking av utgifter.


Når kyrkja vert leigt ut til lokale kor, korps, lag og organisasjonar, samt til lag og organisasjonar innanfor Den norske kyrkja, der det vert teke inngangspengar eller arrangør på andre måtar får inntekter, skal leigetakar betale 15% av bruttoinntekter i leige. Arrangør må likevel betale minimum kr. 1000 p.r. arrangement og maksimum kr. 6000 pr. arrangement.


Når kyrkja vert leigt ut til andre kor, korps, lag og organisasjonar der det vert teke inngangspengar eller der arrangør på annan måte får inntekter, skal leigetakar betale 15% av bruttoinntektene. Arrangør må likevel betale minimum kr. 1000 p.r. arrangement.


Kantor, organist, prest, soknerådsleiar og økonomiansvarleg har gratis inngang ved slike arrangement.



4 Fakturering

All fakturering skjer frå Herøy kyrkjelege fellesråd til den som bestiller tenesta.


Sist oppdatert ( lørdag 31. mars 2007 )
 
Billedgalleri PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
fredag 30. mars 2007

Kyrkja frå utsida

Les meir
 
Galleri PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
mandag 26. mars 2007

Bilde inne i kyrkja

Sist oppdatert ( søndag 01. april 2007 )
Les meir
 
Kyrkjebrann PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Marit Sævik Leinebø   
fredag 16. mars 2007

kyrkjebrann.jpgHERØY KYRKJE BRENN!!!!

MINNER FRÅ NATT TIL 2. JULEDAG 1998


Det var mørkt og det regna men heldigvis var det nokså vindstille. I dei fleste heimane i Herøy var det romjulfred, men det var og ein del folk ute og farta tidleg denne natta til 2. juledag 1998!


Plutseleg har det skjedd ei stor og tragisk hending i det fredeleg Herøy; Kyrkja brenn!!! Dette er ei melding som spreidde seg veldig fort til ung og gammal.


Brannvakta i Herøy var dei første som vart varsla av ein forbipasserande, då var kl. ca. 02.00. Dei var raskt på staden med si første tropp og så kom det stadig fleire brannmenn til.


Vi som jobbar i kyrkja vart oppringt og kom til ein etter ein. Dei fleste av oss tenkte vel at dette kom til å gå fint, her var alt under kontroll for det var lenge før vi såg open eld. Det var mykje svart røyk og ei stram røyklukt, men altså ingen synleg eld! Det vart jobba iherdig med å redde dei gamle og verdfulle kyrkjeantikvitetane vi hadde frå dei andre gamle kyrkjene som har vore i Herøy. Jobben med dette vart både svært vanskeleg, farefull og tilslutt umogleg fordi det var så stor røykutvikling. I tillegg var det brunne hol i golvet mellom kjellar og golv i korområdet. Det var ikkje tilgjengelege røykdykkarar i Herøy på dette tidspunkt og tilslutt vart det for farefullt å prøve å redde ut fleire gjenstandar…..


På dette tidspunktet tok det til å sjå litt meir håplaust ut, for  -  rundt kl. 04.00 -  høyrde vi at det knitra og vi såg dei første teikna på eld! Då tenkte eg; no er det gjort!!!! No kjem kyrkja vår til å brenne ned!!!!


Kyrkja var bygt delvis i tømmer og reisverk, noko som gjorde at det var mange holrom og god tilgang på luft og trekk som ville gjere at denne brannen kom til å utvikle seg svært fort! Tårnet på kyrkja var plassert i enden mot nord, rett over inngangsdøra ved vegen til Fosnavåg sentrum. Lenge frykta ein at tårnet kom til å rase ut i vegen, men brått dett det mektige tårnet rett inn i kyrkja. Allereie før tårnet rasa høyrde vi at dei store, tunge kyrkjeklokkene hadde kome med sine siste kling då dei datt ned.


Det var ikkje berre vi som arbeidar i kyrkja i Herøy som samla oss, folk kom til i store mengder. Det vart svært tydeleg denne natta at Herøyværingane har eit nært forhold til kyrkja si. Det vart ei merkeleg stemning på parkeringsplassen der folk i hundretal samla seg og vart vitne til at kyrkja der dei var døypte, konfirmerte og kanskje vigde var i ferd med å forsvinne…….


Når klokka vart 04.30 var heile himmelen og området rundt oss lyst opp av eit veldig stort bål, ei utruleg og uverkeleg tragedie hadde funne stad. Så gjekk det 1-2 timar til  og heile kyrkja hadde brunne ned. Då det lysna av ny dag i Herøy fortalde den stramme røyklukta, varmen og osen frå oskehaugen at her har det skjedd noko svært alvorleg!

 


Sist oppdatert ( torsdag 06. september 2007 )
 
<< Start < Forrige 1 2 Neste > Siste >>

Resultat 1 - 9 av 10