Du er her: Forsida arrow Herøy Kyrkje arrow Kyrkjebrannen
Kyrkjebrann PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Marit Sævik Leinebø   
fredag 16. mars 2007

kyrkjebrann.jpgHERØY KYRKJE BRENN!!!!

MINNER FRÅ NATT TIL 2. JULEDAG 1998


Det var mørkt og det regna men heldigvis var det nokså vindstille. I dei fleste heimane i Herøy var det romjulfred, men det var og ein del folk ute og farta tidleg denne natta til 2. juledag 1998!


Plutseleg har det skjedd ei stor og tragisk hending i det fredeleg Herøy; Kyrkja brenn!!! Dette er ei melding som spreidde seg veldig fort til ung og gammal.


Brannvakta i Herøy var dei første som vart varsla av ein forbipasserande, då var kl. ca. 02.00. Dei var raskt på staden med si første tropp og så kom det stadig fleire brannmenn til.


Vi som jobbar i kyrkja vart oppringt og kom til ein etter ein. Dei fleste av oss tenkte vel at dette kom til å gå fint, her var alt under kontroll for det var lenge før vi såg open eld. Det var mykje svart røyk og ei stram røyklukt, men altså ingen synleg eld! Det vart jobba iherdig med å redde dei gamle og verdfulle kyrkjeantikvitetane vi hadde frå dei andre gamle kyrkjene som har vore i Herøy. Jobben med dette vart både svært vanskeleg, farefull og tilslutt umogleg fordi det var så stor røykutvikling. I tillegg var det brunne hol i golvet mellom kjellar og golv i korområdet. Det var ikkje tilgjengelege røykdykkarar i Herøy på dette tidspunkt og tilslutt vart det for farefullt å prøve å redde ut fleire gjenstandar…..


På dette tidspunktet tok det til å sjå litt meir håplaust ut, for  -  rundt kl. 04.00 -  høyrde vi at det knitra og vi såg dei første teikna på eld! Då tenkte eg; no er det gjort!!!! No kjem kyrkja vår til å brenne ned!!!!


Kyrkja var bygt delvis i tømmer og reisverk, noko som gjorde at det var mange holrom og god tilgang på luft og trekk som ville gjere at denne brannen kom til å utvikle seg svært fort! Tårnet på kyrkja var plassert i enden mot nord, rett over inngangsdøra ved vegen til Fosnavåg sentrum. Lenge frykta ein at tårnet kom til å rase ut i vegen, men brått dett det mektige tårnet rett inn i kyrkja. Allereie før tårnet rasa høyrde vi at dei store, tunge kyrkjeklokkene hadde kome med sine siste kling då dei datt ned.


Det var ikkje berre vi som arbeidar i kyrkja i Herøy som samla oss, folk kom til i store mengder. Det vart svært tydeleg denne natta at Herøyværingane har eit nært forhold til kyrkja si. Det vart ei merkeleg stemning på parkeringsplassen der folk i hundretal samla seg og vart vitne til at kyrkja der dei var døypte, konfirmerte og kanskje vigde var i ferd med å forsvinne…….


Når klokka vart 04.30 var heile himmelen og området rundt oss lyst opp av eit veldig stort bål, ei utruleg og uverkeleg tragedie hadde funne stad. Så gjekk det 1-2 timar til  og heile kyrkja hadde brunne ned. Då det lysna av ny dag i Herøy fortalde den stramme røyklukta, varmen og osen frå oskehaugen at her har det skjedd noko svært alvorleg!

 


Sist oppdatert ( torsdag 06. september 2007 )