Du er her: Forsida
PDF Skriv_ut E-post

Orgelet i Herøy kyrkje.


kirkeorgelet.jpgOrgelet i Herøy kyrkje er bygd av Jehmlich Orgelbau Dresden i 2003 og vart vigsla 30. november 2003. Orgelet er på 31 stemmer og står framme i kyrkja. Orgelhuset er i eik og har ei asymmetrisk form. Sidan orgelet står i eit hjørne, har det fasade til to sider: front og høgre side. Over spelepulten står svellverket som har 12 stemmer.

Over svellverket står hovedverket som også har 12 stemmer. Fasadepipene er frå Prinzipal 16’, med fem piper frå Bordun 16’ på venstre side som ei samanbinding av øvste og nedste del av orgelfasaden. Pedalverket står bak og har 7 stemmer.
Orgelet har mekanisk traktur og elektrisk registratur. Til registreringshjelp er det ein sequenser med 4000 kombinasjonar. Kombinasjonane vert sett på eit panel på venstre side av klaviaturet. Dette panelet kan skyvast inn og skjulast dersom ein ikkje ynskjer å bruke det.

Orgelet står i eit kyrkjerom som er godt eigna for orgelmusikk. Kyrkjeskipet har ei høgde på 15 m og tårnpartiet der orgelet står, har ei høgde på 26 m. Etterklangen ved tom kyrkje er ca. 4 sekund. Orgelet har fått mange lovord frå dei som har opplevd det.

Jehmlich Orgelbau i Dresden vart starta i 1808 og er eit av dei eldste orgelbyggjarverkstadene i verda som framleis er verksame. Dei byggjer på den gamle sachsiske orgelbyggjartradisjonen frå 1700-talet kombinert med nyare stilelement. Orgelet i Herøy er deira opusnummer 1151.
Link til orgelbyggjar: http://www.jehmlich-orgelbau.de/


Orgelet sin disposisjon:

Hovedverk, 1. man., C – g’’’
Svellverk, 2. man., C – g ’’’
Pedal, C – f’
1. Prinzipal 16' 13. Koppelflöte 8' 25. Prinzipalbass 16'
2. Bordun 16’ 14. Salicional 8' 26. Untersatz 16'
3. Oktave 8' 15. Voix céleste 8' 27. Oktavbass 8'
4. Rohrflöte 8' 16. Prinzipal 4' 28. Gedacktbass 8'
5. Viola da Gamba 8' 17. Flûte octaviante 4' 29. Choralbass 4'
6. Oktave 4' 18. Waldflöte 2' 30. Posaune 16'
7. Spitzflöte 4' 19. Nasard 2 2/3' 31. Trompete 8'
8. Quinte 2 2/3’ 20. Terz 1 3/5'  
9. Oktave 2' 21. Sifflöte 1 1/3’  
10. Terz 1 3/5’ 22. Plein jeu IV  
11. Mixtur IV 23. Dulcianregal 16'  
12. Trompete 8' 24. Hautbois 8'  
Tremulant Tremulant  

 




 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Koppel: II/I, I/P, II,P
Mekanisk traktur
Elektrisk registratur.
Setzer med 4000 kombinasjonar.