Du er her: Forsida
Om Herøy Kyrkje NY


Om Herøy Kyrkje PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Bjørn-Edvart Wanvik   
onsdag 07. mars 2007

Historie

  • Den først kyrkja vart bygd på øya Herøy, i tidleg mellomalder, og var ei lita steinkyrkje
  • Kyrkja var då hovudkyrkje for heile Ytre Søre Sunnmøre, frå Rovde til Ulstein
  • I 1859 vart kyrkja riven og erstatta med eit større trebygg på same staden
  • Nær kyrkja var der gravstad med heller grunt jordsmonn
  • Soknet vart i 1916 delt og trekyrkja på Herøy vart riven
  • Herøy hovudkyrkje vart reist på ny tomt på Skaret i Fosnavåg
  • Indre Herøy kyrkje vart bygd på prestegarden i Stoksund
  • Natt til 2. juledag 1998 brann kyrkja ned til grunnen og mange kunstverk frå mellomalderen gjekk tapt

 

Nye Herøy kyrkje

  • Teikna av Kine Tambs og Hans Petter Madsø i arkitektfirma Madsø-Sveen i Trondheim
  • Bygd av entreprenørfirmaet M. Kristiseter frå Åndalsnes
  • Byggearbeidet starta i januar 2002
  • Bygget vart vigsla av biskop Odd Bondevik 16. februar 2003

 

 

 

Fakta om bygget.

  • 2300 kvm over to etasjar
  • 700 sitjeplassar fordelt på kyrkjerom, galleri og sidesal, samt kyrkjetorg og kyrkjestove
  • Rom til gravkapell, med nødvendige tilleggsrom vart bygd og vil bli innreidd seinare
  • I underetasjen er der kyrkjekontor og ungdomsavdeling

 

 

 

Kyrkjekunsten

  • Kunstnaren Per Odd Aarrestad kallar midtgangen i kyrkjeskipet "mennesket sin livsakse"
  • I midtgangen viser 7 golvrelieff "leia" til alteret - til Gud
  • Ved alteret opnar romet seg oppover og møter "himmelaksen" vist med den 18 meter høge alterutsmykkinga
  • Alterskapet er i utskore og måla tre. Ope viser det Kristussymbola XP, krone og symbol knytt til Bibel og sakrament. Attlate viser altarskapet den lidande Kristus
  • Fritthengande kross med laminert glas og speglar heng over alteret
  • Bak krossen og over alteret er der ei spalte glasmåleri med treeiningssymbol
  • Glasmåleria i veggane mot nord-aust er laga av tjukt farga glas, støypt inn i betong
  • I korveggen er motiva på glasmåleria knytt til gudstenesta, medan barnekroken har motiv frå dagleg- og kristenliv

 

 

 

Alter, døypefont og preikestol

  • Teikna av Aslaug Øyehaug og Benedikte Holmberg
  • Stålplate på alteret er ein stilisert alterduk, med bord av ulike kristne krossar
  • Nederst på alteret er eit krossornament prega inn i betongen
  • Døypefonten, med motiv av ein dueveng, har eit rom der det ligg ein bit av av det gamle døypefatet frå 1572
  • Preikestolen har kornaks som ornamentmotiv
  • Dåpsfatet er mangefarga støypt glas laga av Ine Harrang
  • Dåpsmuggen i blåst glas er laga av Live Mordal

 

 

Orgelet

  • Bygd av Jemlich Orgelbau frå Dresden i Tyskland
  • Antall stemmer: 31
  • Antall piper: 1850
  • Mekanisk traktur
  • Elektrisk registratur
  • Vigsla 30. nov. 2003

 

 

Sist oppdatert ( lørdag 16. januar 2010 )
 
<< Start < Forrige 1 2 Neste > Siste >>

Resultat 10 - 10 av 10