Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Årsmøtereferat 2011
Årsmøtereferat 2011 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
torsdag 19. mai 2011

Årsmøtereferat 2011

Referat frå årsmøtet i Herøy kyrkje 20.03.11

Det møtte ca 80 stk.

Øystein leia møtet.  Terje Tjervåg spelte piano til allsongane.

Programmet var slik:

1. Velkomne

2. Song v/Trond Espeseth, to songar

2. Song nr. 272 Hellig, hellig, hellig

3. Andakt v/ Ole Arild Bø

4. Song nr. 479 Deg å få skoda

5. Bibelquiz v/Marvin, Kristin og Bodil (Marvin las fasit) (K og B henta ut kaker).

6. Bordvers

7. Kaffi og kaker

8. Årsmøtedel v/Øystein:

Orienterte litt om faste aktivitetar i kyrkjelyden.

Om soknerådet og medlemmane der.

Om årsmeldinga, kva som har skjedd i 2010: eit lite utval av det Øystein sa: antal møter, om kjellaren, trusopplæring, misjonsutval, konsertar og fasteaksjonar m.m.

Nye opplegg: babysong vert prøvd oppstarta ved seinare høve, og om ”Tårnagenter”, eit opplegg i kyrkja for 3. klassingar.Har hatt det opplegget for første gang i vinter. God respons og god tilbakemelding frå dei tilsette som arrangerte det.

Orienterte litt om stabssituasjonen: vi veit ikkje noko nytt til no.

Litt om statistikk. Utdrag: Målet er at vi skal kome enna lenger ned i prosent når det gjeld kor mykje vi ofrar til eige arbeid. Vi må ofre meir ”ut”! Det går rett veg, fordi prosenten har vorte gradvis mindre siste åra.

 

Marit orienterer om rekneskap/budsjett:

Orienterer om fellesråda sitt arbeid.

Tre store sakeri 2010: Bispevisitas, personalsaka og nytt sokneråd.

Fellesrådet si oppgave er å syte for at sokneråda har muligheit til og utføre oppgåva som er og vekke det kristne liv i sokna.

Fellesrådet har tatt opp igjen arbeidet ad. uteområdet v/Herøy kyrkje og innreiing av kjellaren i Herøy kyrkje.

Oppfordrer om å støtte opp om soknerådsvalet til hausten. Treng folk til å telje opp, samt til å stille på liste.

Det vart reist spørsmål om stryke/kryssesystemet ved soknerådsval, antal gudstenester, tur til Flåvær, den stygge veggen utanfor inngangsdøra og om  utviding av gravplassen på Kvalsund står for tur.

Bibeltimar på onsdagar manglar på lista over aktivitetar i kyrkja. Dette må rettast opp.

Om soknerådsvalet 2011: Skal vere ei fire års periode. Treng ca 10 stk.

Om kjellaren: teikningar ligg ute.

Uteområdet: i gang.

Givarteneste: mogleg å få giro som ligg i gangen i kyrkja.

Frivillige: oppmodar om å vere flinke til og hjelpe til

 

9. Song til slutt.

 

Referent

Bodil Leinebø, 20.03.11