REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE
Tysdag 26.04.11 kl 20.00 21.15
Desse møtte: Øystein
Nerland, Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Olaus Jon Kopperstad, Paul Sundnes,
Siril Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Bodil Leinebø og Magne Kopperstad.
Referatsaker:
1.
Kommentar til
innkalling/referat
OK
2.
Framdrift kyrkjekjeller,
orientering
Håper på byggestart
august/september.
Vidaregåande skule, lage
ein skriftleg avtale.
Pengar på bok
omdisponerast til kjellaren? Pengar
frå arv.
3.
Fasteaksjon søndag 10.04,
evaluering
Gjekk greit, kom inn
ca 112000 kr. Organiseringa kunne vore betre, stasjonar for kvar bygd?
Rodekarta må lagast nye til neste år. NB! Ta kopi av desse.
4.
Heimane våre, evaluering
Parkeringa gjekk
greit. Arrangementet var godt. NB!
Alt for langt møte! Fire timar er drygt.
5.
Ny Unge-vaksne samling?
Onsdag 1. juni? Beate
har eit opplegg.
Legge info på Facebook. Kristin og
Siril får oppgåva her.
6.
Tilbakemelding
frå møte felles diakon, diakoniutval
Det er fire tema som
er trekt fram:
1. Sorgarbeid
2. Besøksteneste,
3. Barne- og
ungdomsdiakoni
4. Samordne frivillige
krefter.
Korleis finansiere ein
diakon. Søkje om finansiering til
prosjektstilling som går over tre år. Stipulerer ein pris på 550000 kr. Dei som
vert kalla til eit møte er bl.a.
Olaus Jon Kopperstad,
ei helsesøster og Leidulf Grimstad.
7.
Konfirmant 2012, orientering
OK. Lagt i hylla. Vert sendt direkte
frå Møre Bispedømme til ev konfirmantar.
8.
Kandidatpresentasjon for
valet, www.kyrkjevalet.no
Ønskjer å presentere
kandidatane på ei nettside. Yrke og
alder. Bjørg K. innhentar opplysningar.
9.
Internett -kampanje om
barnedåp
Kampanjen er lagt ut på fleire
internettsider. Foregår i april og mai.
10.
Kortversjon,
årsmelding for dei kyrkjelege råda
Legg i hylla.
11.
Ny gudstenesteordning,
vurderer felles soknemøte for alle 3 sokna, dato ikkje fastlagd
Vurderer å slå i hop
alle tre sokna og ha eit infomøte etter ei gudsteneste.
12.
Takk frå
kyrkjerådet til sitjande soknerådsmedlemmer
Takk for det.
SAKLISTE
Sak 14/11 Soknerådsval 2011
Tilbakemelding frå
valnemd, videre planlegging for å fullføre soknerådsliste, presentasjon.
Brendmo, Sølvi Kvalsund 33 år
Grimstad, Karina 46 år
Kvalsvik, Mona Ristesund 53 år
Lystad, Kristin Monsen 33 år
Muren, Signe 51 år
Otterlei, Bjørn 56 år
Sandnes, Leidulf 70 år
Sulebakk, Ivar 65 år
Sundnes, Liv 53 år
Sundnes, Paul 64 år
Sævareide, Erling 67 år
Sævik, Ingebjørg 42 år
Thorsen, Siril Elisabeth 33 år
Higraf, Ester Johanne 51 år
Leinebø, Geir Einar 45 år
Skal yrka vere med? Då må ev. Bjørg K. ringe og finne ut dette.
Korleis organiseringa skal
gjennomførast? Det skal vere i kretsane på måndag 12. september. Felles
oppteljing i kyrkja for alle kretsane.
Men har vi nok folk og urner til å
gjennomføre det? Vi treng minimum 30 stk. Dette må vere klarlagt før
sommarferien. Det vert ei sak til neste møte.
Begynn å tenkje på folk til
kretsane. Tre namn til kvar.
I etterkant av møte kom fleire navn til 01.05. Endeleg, prioritert liste vart slik:
SOKNERÅDSVAL 12. SEPTEMBER 2011
1. Thorsen, Siril Elisabeth 33
år
2. Lystad, Kristin Monsen 33
år
3. Teige, Alette 47 år
4. Otterlei, Bjørn 56 år
5. Sulebakk, Ivar 65 år
6. Kvalsvik,
Mona Ristesund 53 år
7. Sævareide, Erling 67
år
8. Sundnes,
Paul 64 år
9. Nerem, Peder 68 år
10.
Brendmo, Sølvi Kvalsund 33 år
11.
Torvanger, Olgun 51 år
12.
Sandnes, Leidulf 70 år
13.
Sundnes, Liv 53
år
14.
Grimstad, Karina 46 år
15.
Sævik, Ingebjørg 42 år
16.
Muren, Signe 51
år
17.
Ullahammer, Astrid 62 år
18.
Zahl, Cecilie
33 år
19.
Higraf, Ester Johanne 51 år
20.
Leinebø, Geir Einar 45 år
Siril
Elisabeth Thorsen er tillitsvald.
SAK 15/11 Søknad om leige, Black Sea Don
Cossacks
Terje har fått
forespørsel frå kosakkkoret som var her i fjor. Dei ynskjer å kome igjen i juli
eller september 2011 eller 2012. Dette
var ein flott opplevelse, vi ynskjer dei velkomne attende, men leigesats er 15
%, ikkje 10 som dei foreslår.
Vedtak: leige innvilga innanfor vanlege normer
for utleige, dvs 15 % leige ikkje 10 som dei forespeiler. Terje Tjervåg tek
videre kontakt, be om å få ein aktuelle dato som ikkje kolliderer med andre
arrangement
OK
SAK 16/11 Tilbakemelding økonomi,
kvartalsrapport
Orientering, utsett til neste møte
OK
Eventuelt:
Snøfangar utanfor hovuddøra (det har rasa snø
frå tak i hovudet på folk i vinter).
Måling utanfor hovuddøra torsdag.
Finne nokre frivillige.
Maritime dagar 19. juni: soknerådet
hjelpe til med kyrkjekaffi på fellesgudsteneste.
Rotary har saka ad videooverføring
til sjukeheimsbygga. Datatech skal ordne det tekniske. Saka har stoppa opp. Etterlyser framgang. Dette vil vi ha orden i fort!
Nerlandsøy 26.04.11
Referent
Bodil Leinebø