Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat April 2010
Referat April 2010 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 09. juni 2010

Referat April 2010

REFERAT SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

Tysdag 27.04.10 kl 20.00

 

Desse møtte:  Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Karete Johannessen, Olaus Jon Kopperstad, Paul Sundnes, Siril Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Bodil Leinebø, Magne Kopperstad, Magnus Myklebust, Jens Terje Johnsen og Beate kateket.

 

Referatsaker:

1.      Kommentar til Innkalling/referat

Ingen

2.      Kyrkjevertliste, husk 2-3 forespurde personer til ny kyrkjevertliste,  til Kristin!

Har fått ein del, men vil gjerne få fem til.

3.      Søndagskulen våren 2010

Ikkje meir aktivitet denne våren. Vi vil at søndagsskulen i kyrkja skal få meir fokus; verte sett inn i kyrkjekalenderen til hausten, samt dele ut foldar og henge opp plakatar.

4.      Misjonskveld 13.04 kl 19, orientering

Lite folk, veldig fin stund. Fekk opna augene ad misjon; mykje nytt å lære… Kan dette vere noko å satse på vidare? Trur det fenger mange. Tankar rundt dette. Misjonsnemd er oppretta, og vil gjerne jobbe med dette. Foreslår slike arrangement ca to gongar i året.

5.      Utleige av kyrkjebygg, ikkje leige ut 4. søndag i advent

Sjå saklista

6.      Kyrkjekaffi Maritime dager, tilbakemelding frå Karete

Ein har kontroll

7.      Kyrkjeforeining for innvandrerkvinner, tilbakemelding frå Karete

Jens arbeider vidare

8.      Kjellarrom i kyrkja, tilbakemelding frå Fredagstreff styret

Skissene er levert til Herøy vidaregåande skule. Marit følgjer opp dette.

9.      Takk  for gåve, Det Norske Bibelselskap

       OK

10.   Misjonsjubileum, 17.10.10 aktuell dato for fellesmarkering i Møre bispedømme

Dette blir ein ettermiddagsaktivitet. Gudsteneste på føremiddag. Foreslår at alle sokna samarbeider om dette/ev. vi inviterer dei to andre sokna.

11.  Babysong for småbarntreffet?

Foreslår at ”Babysong” vert eit eige konsept. Kristin vil finne meir ut av dette. Beate finn ut av kontaktpersonar, og Kristin går vidare på dette.

 

 

 

SAKLISTE

 

SAK 18/10 Arbeid med Trusopplæring

Vi starter no å arbeide med trusopplæringreform. Orientering om situasjon med oss ved kateket Beate Nes, fri drøfting. Vi bør sete ned ei nemd som jobber videre med konkretisering av arbeid/stilling, med representanter frå alle sokneråda

Forslag til vedtak: Fri drøfting

 

Beate fortel: Trusopplæringa skal vere 315 t frå 0-18 år, der 60 t er konfirmantundervisning.

 

 Innan 2013 skal alle prosti ha fått midlar til trusopplæringa. Så må ein då verte einige om korleis ein fordeler det. Midlane vert stort sett brukt til å ansette folk, men vi bestemmer stort sett over midlane sjølve.

 

Begynne med å finne ut kva vi vil fylle timane med? Kva vil vi barna skal site igjen med? Kva ønskjer vårt prosti?

 

Vi er pliktige til å ha trusopplæring, men foreldra er ikkje pliktige til å sende barna.

 

Med bakgrunn i dette vil det verte lagt vekt på orientering om dette emnet i dåpssamtalen. Søndagsskulen må få meir fokus; her må vi vere med å engasjere folket! Søndagsskulen vert rekna som ein del av trusopplæringa.

 

Komiteen bør legge fram ein plan over innhaldet i trusopplæringa; lage ein ”fagplan”. Kan vere lurt å sjå på lokal fagplan i faget RLE i skulen…

 

Forslag til komite: tre personar frå sokneråda; ein frå kvart sokn. Desse får med seg ein person kvar. Då til saman seks personar.

 

Vi foreslår at forslaget vert arbeidd med i perioden august til november. Paul vil vere med frå dette soknet, men vil at ein yngre person frå foreldregenerasjon vert med. Kristin melder seg her. Komiteen må vere klar før ferien. Beate syter for at Indre Herøy og Leikong finn sine personar.

 

 

 

SAK 19/10 Leige Av kyrkje, Herøy Brass

Herøy horn/Herøy Brass søkjer om å leige kyrkja til julenattine 18.12.04. Vi har tidlegare blitt oppfordra til å skjerme denne helga pga einaste frihelg for vaktmester i desember.

Forslag til vedtak: Aktuelle helg kan ikkje nyttast, men dei kan event få leige på anna tidspunkt

 

Sjå punkt 5 i referatet. Vi går for forslaget! (Feit type no)

 

SAK 20/10 Ut på tur 2010

Marvin legg fram forslag til turer, fordeling av turprogram

OK. Soknerådsmedlemmane sender ein mail til Marvin om dei kan ta ansvaret for turane. Sjå forslag til plan.

 

SAK 21/10 Konfirmasjon på laurdager

Fri drøfting om temaet for neste års konfirmanter

Det mest rådande synet i kyrkja er at vi held på søndagen så lenge vi kan, men vi kan ikkje sjå vekk i frå at vi på sikt må justere noko på dette …

 

 

 

Eventuelt

1.    17. mai-festen i Herøy Frikyrkje: Forespørsel frå Herøy Frikyrkje ved Åse Myklebust. Kan dette arrangementet kome i ei bytteordning med Herøy kyrkje?Dette kan vere ein god idé, meiner nokre. Men då bør det vere ein eigen 17. mai-komite; ikkje soknerådet. Ein konkluderer med at i år greier vi ikkje noko, men ta det igjen til neste år.

2.    Ved gudstenestene har det skjedd: ”set deg lenger fram, set deg lenger fram”,- det er ikkje godt å bli dregen framover i rekkjene etter ein har sett seg! Enkelte føler ubehag ved dette. Her skal vi trø varsomt.

Ein høyrer at folk ikkje liker taua bakerst.

Betre at ein fjerner enkelte stolrekkjer.

3.    Jesus Christ superstar: den siste oppsetninga var vesentleg dårlegare enn den første. Men på begge oppsetningane var det nesten umogleg å høyre teksten. Men musikken (lyden) og ”bileta” var bra!

Ein vil ikkje anbefale slike arrangement i kyrkjebygget vårt, rett og slett, det fungere ikkje…

 

Bodil Leinebø

-sekretær-