Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat April
Referat April PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
lørdag 26. mai 2007

 

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE

I HERØY KYRKJE TYSDAG 22.05.07.

Desse møtte: Øystein Nerland, Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Jack Remøy, Jens Johnsen og Beate Nes.

Referatsaker:

1. Ingen kommentarar til innkalling og referat. Referata vert lagt ut på heimesida etter at dei er godkjent i soknerådet. Soknerådet ynskjer også at referata frå fellesrådet sine møter skal ligge der.

2. Når det gjeld konserten med Jon Lotterud kjem der nærmare informasjon etterkvart. Det vert mest sannsynleg ein søndag i september.

3. Herøy kyrkje på tur. Opplegget vart presentert på gudstenesta 20.05. Oppmøteplass kjem til å stå i kyrkjespalta fredagen før turen. Neste år kan ein kanskje få det inn i foldaren

5. Vi har fått tilsendt årsmelding kirkens SOS

6. Heftet ”Nytt i bibelen” får vi tilsendt i 20 eksemplar. Dette er i forbindelse med bibeldagen 2008.

7. Nyheitsbrev frå Sjømannskirken vert lagt inn som link på heimesida

8. Musikkverkstad 2007 både på Viken folkehøgskule og på Sunnmøre Folkehøgskule. Tone høyrer med dei i Ten Sing om dette kan vere av interesse, så kjem dei med ein søknad viss det er aktuelt

9. MF 100 år 2008

10. Nyheitsbrev frå Johanne og Bjørn Leinebø vert lagt ut på heimsida

11. Søndag for forfulgte kristne 11.11.07

12. Pynting av kyrkja – fram til sommaren bruker vi dei installasjonane vi har og kyrkjekontoret ordnar med pynting.

13. Kapell – Plan og byggenemnda for kyrkja er ikkje nedlagt, men det er ynskjelig at fellesrådsleiar og soknerådsleiar er med i ei nemnd for kapellet. Soknerådet ber om at saka får høg prioritet slik at vi får ei nemnd på plass så snart som råd.

14. Eivind Skeie konsert 20.09 – soknerådet er med som arrangør i forhold til det praktiske rundt konserten. Overskotet av konserten går til NMS som et at dei to arrangementa vi skal ha i løpet av eit år.

15.Møteplan haust 2007: 28 august, 25 september, 23 oktober, 27 november. AU tirsdagen før

SAKLISTE

SAK 33/07 Gudstenesteliv

Vi fekk mykje innspel på årsmøte, korleis kan vi gjere oss nytte av dette i gudstenestene framover?

- Slik det er no manglar vi eit barnekor som kan vere basis for familiegudstenestene. Det har gjort at dei gudstenestene der det ikkje er noko form for utdeling av bøker og liknande er dårlig besøkt. I den forbindelse kan det vere ein ide å prøve å få til ei nemnd som kan sjå på familiegudstenestene. Det kunne vere ei nemnd samansett av prest, organist + 2,3 stk til. Jens fekk ein del namn som han kunne høyre med. Kanskje kan ein finne nokon som brenn for dette.

- Vi må prøve å få folk lenger fram, ved å bruke tau som sperre. Men då berre på eine sida slik at dei som ikkje er komfortabel med å sitje langt framme også har eit alternativ

- Utfordre Ten Sing til å arrangere kveldsgudsteneste. Det er viktig å gi ungdomen ansvar. Kanskje kunne vi få til det ein gang i halvåret, i tillegg til ei gudsteneste i forbindelse med fredagstreffet. Beate og Tone ser på kvad ei kan få til

- Vi må våge å tenke nytt samtidig som vi ikkje skal kaste alt det gamle på båten. Det må vere plass til begge deler. Samtidig er det vanskelig å tilfredsstille alle sidan vi kjem med ulike behov. Ungdomane vil også halde på delar av det faste, men kanskje dei ynskjer det i ei anna innpakning.

- Det som kanskje er viktig er variert bruk av instrument og nytte gamle salmar på ein ny måte.

SAK 34/07 Stillingsbeskriving

Soknerådet såg på stillingsbeskrivingane for Kantor, organist og kateket og tilrår at Herøy kyrkjelege fellesråd vedtek dei slik dei ligg føre.

I same forbindelse såg vi litt på det med økonomi, og vi vil prøve å gi både kantor og kateket ein viss sum som dei rår over slik at dei slepp å søkje om alt. Dei bør sjå på forbruket dei har og kome med forslag.

Barne og ungdomsarbeidar: Søndagsskulebiten manglar og den bør vere med. Soknerådet utfordrar Tone til å tenke nytt. Det kan godt vere slik at ein bruker konfirmantar og fredagstreff ungdommar men då helst i lag med ein vaksen.

Når det gjeld § 2.1 bør den modererast og ein bør avgrense ansvarsområdet når det gjeld barnearbeid. Det kan og vere ein ide å sjå på om det med reinhald av ungdomsavdelinga kan ligge til kyrkjetenar.

SAK 35/07 Open kyrkje

Vi vil fortatt prøve å ha kyrkja opa medan der er folk på kyrkjekontoret. Hovuddør og kyrkjerom ope, resten avstengt. Vi prøver dette resten av året og tek det opp til ny drøfting over jul. Då kan vi også drøfte om vi bør ha overvåkingskamera.

SAK 36/07 Diakoniplan

Vert utsett til neste møte

SAK 37/07 Eventuelt

  • Flagg – vert av og til teke ned litt for tidleg. Det bør ventast til etter kl. 20. i alle fall
  • Brev frå Terje Tjervåg angåande ” Song i katedralen”. Det vil han gjerne behalde som eige arrangement og ikkje eit arrangement til inntekt for NMS. Det har soknerådet forståelse for og innvilgar det.
  • Evaluering av konfirmantåret 2006 -2007
    • Konfirmantane har evaluert året og det kom fram veldig mykje positivt. Det vart ei spesiell avslutning av året og det har prega ungdommane. Samtidig merkar ein at kyrkja har vore ein god stad å vere denne tida, og dei er ikkje klar for å sleppe taket. Så mange har meldt interesse til å vere med på MILK neste år.
    • Det med samtalegrupper i heimane var veldig positivt så det bør vi gjere alt for å få til neste år også
    • Soknerådet har tru på gi konfirmantane enkle oppgåver t.d.
      • Ta del på eldrefesten
      • Vere med på søndagsskule i kyrkja eller på bygdene
      • Vere med i ulike barnelag
    • Ein må også krevje litt av foreldra. Dei må få konkrete oppgåver og vere med på litt i løpet av året slik det er i andre ting som ungdommane er med på
    • Kanskje kan det vere ein ide å knytte til seg studentar i praksis. Vi har både Høgskulen i Volda og Sunnmøre folkehøgskule i nærleiken.

Nerlandsøy 24.05.07

Bodil Karin Kvalsund

-sekretær-

Sist oppdatert ( søndag 15. juli 2007 )