|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
søndag 06. mai 2007 |
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I HERØY KYRKJE SØNDAG 18.03.07 Frammøtte: ca. 80 stk FASTE AKTIVITETAR I KYRKA
- Soknerådsmøte ein gang i månaden
- Gudstenester
- Barnearbeid (Søndagsskule!!!, kyrkjespirer)
- Ungdomsarbeid-
- Fredagstreff
- Ten- Sing
- Krik
- Konfirmantarbeid
- Diakoniutvalet (Eldrefest, buss-tur, kyrkjedag, andakter, blomsterhelsing)
- Kyrkjeforeining
- Herøy kyrkjekor
SOKNERÅDET
- Øystein Nerland – leiar
- Olav Torvik – nestleiar
- Bodil Karin Kvalsund- sekretær
- Sigbjørn Myren – fellesråd
- Sissel Fjørtoft – fellesråd
- Inger Vikene – diakoniutval
- Karete Johannesen
- Synnøve Sørheller
- Ellinor Monsen
- Marvin Kopperstad
- Jens Terje Johnsen
- Jack Remøy, 1.vara
ÅRSMELDING FOR SOKNERÅDET
- 10 møte i 2006 og har jobba med desse sakene:
- Trusopplæringsprosjektet – har søkt om midler, får svar i løpet av mars
- Seminar: Tru møter tru
- Tilsetjing av ny barne og ungdomsarbeidar: Tone Hjelmeseth Nerland
- Kyrkjelydsfest og soknemøte angåande stat og kyrkje
- Fordelingsnøkkel ofringar – avtale NMS
- Arbeide med gudstenesteliv
- Arbeida fram bønefaldar, giverteneste
- Utforming av heimeside ( www.heroy-kyrkje.no)
- Nytt lydanlegg – sponsa i stor grad av Herøy Næringsforum
- Sett i gang arbeid med å få laga ei forslagskasse som kjem snart
- Innsending av 2 salmeforslag til den nye salmeboka
- Utleige av kyrkja til ulike arrangement
STATISTIKK
- Innmelde/utmelde: 2006: 24/6; 2005:3/2
- Døpte/konfirmerte: 2006: 67/75; 2005:78/78
- Vigsler: 2006:12; 2005:18
- Antal gudstenester:2006:59; 2005: 63
- 0ffer: 2006: 240 584; 2005:289 462
- Giverteneste: 42 000
- Anna 2006: 124 000; 2005:139 532 (87617)
- Totalt: 2006: 406 584(203 925); 2005: 476 000 (282 000)
- Resultatrekneskap:46 000
- Eigedeler: 1 074 000; 2005: 1 040 000. Kreditorer: 192000; 2005:123 000,- Bunden eigenkapital: 829 000,-
- Fri eigenkapital: 257 000; 2005: 211 000,-
VISJONAR OG DRAUMAR
- Fellesskap i kyrkjelyden
- Meir aktivt gudstenesteliv
- Bønefaldar- det er viktig å be for kyrkjelyden og bønnefaldaren har bønneemne for kvar dag
- Gudstenestene:
- Diskuterte to spørsmål rundt borda
1. Korleis er di draumegudsteneste?2. Kva saknar du i gudstenestelivet dag.Svara vart levert inn slik at vi kan ta det opp i soknerådet
SPØRSMÅL FRÅ SALEN
- Kvar står saka med kapellet?
- Det er inne på økonomiplanen til Herøy kommune i år 2010.
Det er viktig at vi prøver å pushe på saka, og politikarane vil gjerne
ha engasjement rundt det. Så det lyt jobbast med det i inneværande år
- Burde ikkje parkeringsplassen vore oppmerka?
- Det vert jobba med saka og i løpet av våren skal det vere gjort.
- Kva vert gjort i forhold til skilting rundt kyrkja, t.d. i forhold til kontor?
- Ein skal sjå på kva som kan gjerast med dette.
- Vert der gjort noko med området rundt bautaen?
- Det
er ikkje planlagt noko, men tanken var at det ikkje skal brukast som
parkeringsplass. Ein skal leite fram planane og sjå kva ein ev. kan
gjere, men det vert ikkje lovt noko til 17.mai
Etter årsmøtet gjekk vi inn i kyrkjerommet og hadde ei fin nattverdsgudsteneste
Nerlandsøy 25.03.07
Bodil Karin Kvalsund-sekretær-
|
|
Sist oppdatert ( søndag 15. juli 2007 )
|