| Referat August 2010 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| tirsdag 28. september 2010 | |
Referat August 2010REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE Tysdag 24.08.10 kl 20.00.
Desse møtte: Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Karete Johannessen, Olaus Jon Kopperstad, Paul Sundnes, Siril Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Bodil Leinebø, Magne Kopperstad, Bjørn Leinebø ,Kyrkjekontoret, administrert videre til ansatte (Birgitta Skorpen og Andre Sæter) .
Referatsaker: 1. Kommentar til innkalling/referat 2. Evaluering konsert Blue Horn Jazzband: få møtte då det var lagt parallellt med maritime sommardagar. Råder til og heller konsentrere seg om gudstenesta på søndagen. 3. Andre Sæter tilsett frå august som ungdomsarbeidar 4. Møteplan hausten 2010; 24.08, 28.09, 26.10, 30.11, AU tirsdagen før 5. Leirinformasjon frå www.ungmisjon.no 6. Fordeling av presteressursar i Møre, skriv frå Ulstein sokneråd 7. Takk for gåve; kr 2130 til Misjonsalliansen, kr 5860 NMS 8. Rettleiingspakke ang deltaking for utviklingshemma i kyrkjelyden 9. Årsmelding frå Herøy kyrkjelege fellesråd 10. Infoblad Kirkens nødhjelp, fasteaksjonen 11. Orientering stab,- situasjon, uavklart p.d.d. Sender eit brev til biskopen om framdriftsplan ad saka. 12. Orientering julekonsert: Rune Larsen 29. november 13. Orientering konsert Don Cossacks Henge opp plakat om konsert 6. september: Don kossak kor: Kiwi, Mega, Video vest, Vestvang, Spar Nerlandsøy, Spar, Pekas, Tjørvåg, rådhuset, kulturhuset, helsesenter Eggesbønes og Myrvåg, Larsnes, Gursken, Ulsteinvik, fredagstreffet og Tollås Billettar: Paul, Magne og Marvin
SAKLISTE
SAK 28/10 Presentasjon ny ungdomsarbeidar, Andre Sæter Ungdomsarbeiderane kjem, fri drøfting av ungdomsarbeidet 20% stilling Ynskjer å vidareutvikle ungdomsarbeidet og då spesielt det store uinnreia romet. Andre fortel om idear og ynskjer. Ventilasjon og den nye trappa til romet må vere avklara før noko vert sett i gong. Råder til å nytte denne moglegheita medan folk er engasjerte. Herøy vidaregåande kan gå inn i ein avtale om gratis arbeidskraft og det er gode moglegheiter for sponsorar. Komite: Jørgen Kopperstad, leiar i fredagstreffet, Jack Remøy, Andor Leine, Andre Sæter, Marit S. Leinebø og Bodil Leinebø.
Ungdoms-Alfakurs: mange som er interesserte, men treng meir førebuing, seier Birgitta. Foreslår samarbeid med Frikyrkja og Sion?
Ynskje om eit tverrkyrkjeleg samarbeid.
Innhaldet på fredagstreffet vil vere om lag det same som før.
Ynskje om eiga spalte for ungdom i kyrkjeleg regi.
SAK 29/10 Evaluering første ½ år, kva ynskjer vi framover Sjå igjennom referata om kva vi har gjort, gjer deg opp tanker om kva vi skal satse særskilt på framover resten av perioden. Forslag til vedtak: Fri drøfting -Diakonistilling, kva skjer? Ligg på vent -Sulebakk: eigen CD som skal gi til dåpsforeldre, skal kjøpast inn. Beate sitt ansvar å få i gong ei samling -Babysong: Vedtak på at ei med erfaring kjem og viser ein slik time (frå Vik). Vi dekkjer kostnadane. Kurs i Kristiansund, kan sende folk dit?Kristin ansvar -Få noko fast opplegg til unge vaksne, t.d. temakveld. Kristin ansvar -Bibeltimar? Avventar -Samling i kyrkja med mat (middag?). Vil utarbeide! Knyte i hop med misjonstreffet med Johanne Leinebø -Samling der tema er misjon (Johanne L.). I etterkant av når ho kjem heim frå reise. Gjere meir ut av det: t.d. invitere foreiningar m/kaffi/middag og gjerne musikalsk innslag. Øystein ansvar -Kveldsmesser m/tema (3) Kveldsmessenemda ansvar
SAK 30/10 Offerliste haust 2010 Karete Johannessen legg fram forslag frå nemd, fri drøfting Står ein god del igjen før vi har nådd målet ad ofring til ungdomsarbeidet. Jobbe vidare med fast givarteneste. Liste Karete har laga: Spørsmålsteikn på kven det skal ofrast til den 24.10. Vi stryk 07.11. 19.12. på Runde bedehus, praksis her. Spør Bjørg. 31.12.: felles med Frikyrkja.
Forslag om ein foldar/informasjonskriv om givarteneste i forbindelse med ungdomsarbeid. Dele ut til konfirmantforeldre. Paul ansvar og høyrer med Marit.
SAK 31/10 Søndagskule Herøy kyrkje hausten 2010 Vi prøver igjen å få dette til. Prøve å få lage eit oppset for hausten 2010 med aktuelle datoar i forhold til preikeliste. Lage plakatar, folderar som vi kan dele ut, få det inn på kyrkjekalender. Vi treng vidare tips/råd om korleis få dette til. Forslag til vedtak: Fri drøfting Kristin har fått folk til å halde søndagsskulane. Har laga flygeblad. Kyrkjevertane kan dele ut, dåpsforeldre, kyrkjespirane m.m. Bjørg ordnar og printer opp. Karete lagar omtale til Vestlandsnytt.
SAK 32/10. Orientering kring nattverd praksis Bjørn Leinebø orienterer, fri drøfting Presten opplyser under nattverdsliturgien om at dei som har behov for å stå under nattverd, har ein eigen open plass (sone). Soknerådet ynskjer å prøve ut med fire knelebenkar i front. Den som ynskjer å stå kan stå i hjørna eller inne mot alteret. Ein kan av og til prøve med fleire stasjonar.
SAK 33/10 Lekmannsgudsteneste Korleis forheld vi oss til dette framover, fri drøfting Skal det organiserast? Ei anna form? Soknerådet ansvar? Konkluderer med at vi let saka ligge til neste soknerådsmøte?
Eventuelt -Sirene har søkt om å leige kyrkja den 17. september. Foreslår at dei leiger på vanlege vilkår. -Kyrkjekalender: Bjørn L. undersøkjer med Vestlandsnytt om å trykkje opp kyrkjekalenderen på tidlegare vilkår. -Takkeskriv i høve til offerposar -21. november. Fellesgudsteneste med Frikyrkja. OK! -Leikong blandakor søkjer om å leige kyrkja 27. november. Bed dei om å finne ein annan dato pga tett konsertprogram den veka. Misjonskafè med Johanne L. 19. september kl. 17.00.
Nerlandsøy 24.08.10
Bodil Leinebø -sekretær-
|





