| Referat Febr 11 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| søndag 24. april 2011 | |
Referat Februar 2011REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJETysdag 22.02.11 kl 20.00-22.00.
Desse møtte: Øystein Nerland, Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Olaus Jon Kopperstad, Paul Sundnes, Siril Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Bodil Leinebø, Magne Kopperstad, Magnus Myklebust og Bjørn Leinebø.
Referatsaker: 1. Kommentar til referat. OK! 2. Orientering stabssituasjon. Jens skal ha gudsteneste 27. februar i Indre Herøy. Det vert sett opp ein plan framover. Mekling går føre i lukka rom. 3. Møteplan våren 2011: 22.02, 29.03, 26.04, 07.06. Au tirsdagen før. Endrar 26.04 til 03.05. fordi ein skal godkjenne soknerådslister første veka i mai. 4. Kyrkjelydsfest med årsmøte 2011 20.03. kl 17.00. Soknerådet møter opp kl. 16.00. 5. Representant til diakoni utval, tilbakemelding Går vidare på det. 6. Forslag på leke-kandidat til nominasjonskomite. Inge Kaldhol frå vårt prosti. 7. Revisjon av Gudstenestetal, info, vidare sak på neste møte. Tala må presenterast i etterkant av ei gudsteneste. Det vert truleg ein søndag i månaden utan gudsteneste (Herøy sokn). Det vart lufta om ein kan organisere leke gudstenester på søndagar utan vanleg gudsteneste. Tek att som sak på neste soknerådsmøte. (Friare samling/”småmøte”-stil). 8. Framdrift kyrkjekjeller, orientering. Moldskred AS har begynt å teikne. Skal ha eit møte i neste veke med kommunen. Kvadratpris: ca: 5000 kr. 9. Fasteaksjon søndag 10.04, soknerådet hjelper til. Alle møter til oppteljing på ettermiddagen. 10. Spørsmål frå NAV, periodevis lån av biljard/bordtennis vinter 2011. Dersom det vert fast, må dei søkje. Då vert det ev. betaling. 11. Gjort rettingar i budsjett som avtalt, godkjent. OK! 12. Forespørsel om ny julekonsert Stille Natt (Rune Larsen), enten 26. eller 28. nov. Det blir fredag 2. desember kl. 21.30. 13. Regional trusopplæringskonferanse 16.-17. mars på Vestnes. På dagtid. 14. Bibeldagen 2011. Greit. 15. Tilbud om konsert v/Roar Engelberg/Stein Erik Olsen. Kostnad 15 000 kr + kost/losji. OK! 16. Årskvittering frå Normisjon. OK 17. Konfirmasjonskapper, ny produsent OK 18. Info frå NMS OK 19. Kartleggingskjema frå Herøy Kommune OK SAKLISTESak 6/11 Soknerådsval 2011Orientering. Valkomite vert med på møte. Den enkelte må bestemme om ein tek gjenval. Tenk igjennom aktuelle kandidater som nemnda kan byrje å ringe til i mars. Valliste skal vere klar innan 01.05, skal då godkjennast av sokneråd. Sender ved infoskriv som vi brukte sist, sjå igjennom dette for eventuelle endringar.
Valnemnda har fullmakt til å velje dei personane dei vil spørje utifrå dei namn som vert foreslått.
Lista skal vere klar seinast 15. april. Den skal godkjennast i byrjinga av første veka i mai. Vidare blir den sendt til sentralt hald for distribuering.
SAK 7/11 Årsmelding, gjennomgang Sjå igjennom referat frå 2010, fri drøfting. Sender over eit forslag til årsmelding i løpet av veka. Vil i tillegg ha inn orientering om kjellaren og givartenesta.
SAK 8/11 Evaluering Tårnagent helg Bjørn orienterer. Fri drøfting om prosjektet. Positivt arrangement. 45 barn. Burde vore fleire vaksne. (Dei var fire). Matserveringa gjekk av seg sjølv fordi soknerådsmedlemmar hjelpte til (tre stk.). Kapellet fungerte godt som undervisningsrom. Vil råde til at ein har fleire slike samlingar.
SAK 9/11 Søknad om leige 7 mai 2011, Sunnmøre Kammermusikkfestival Sunnmøre kammermusikkfestival vart arrangert for første gang i 2010. I forbindelse med ny festival, søkjer dei om å leige Herøy Kyrkje, 7. mai. Andre stadar for konsert er Ulstein, Volda (Aasentunet). Forslag til vedtak: Leige innvilga innanfor vanlege normer for utleige.
Eventuelt Må bruke offerposane! Spesielt ved gudstenester med mykje folk.
Vyrde mannskor har søkt om leige 21.01.12. Innanfor vanlege normer.
Søknad om offer frå laget vert lagt i bunken i forhold til offeroppsettet.
Paul hjelper til i forhold til ungdomsarbeidarane. (I staden for Karete J.).
Vi må finne namn til dei som vil ta over etter Lindis i forhold til Frivillighetssentralen.
Uteområdet: no vert det arbeidd med å lage anbudspapir. Planen frå 2007 har nokre endringar: Det gjeld det grøne området. Der vert meir skifer, meir lampar og ein støttemur. I tillegg er det ordna slik at det vert meir ”luft” bak bautaen. Reguleringsplanen er som før. Kostnadsramme er ikkje klar. Soknerådet ber om å få kostnadsoverslaget til vurdering før endeleg vedtak.
Minner om at forslag til kyrkjevertar kan meldast til Kristin M. L.
Liste over frivillige: få fleire namn.
Nerlandsøy 22.02.11 |





