Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat arrow Referat Januar 09
Referat Januar 09 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
fredag 20. februar 2009

Referat Januar 09

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

TIRSDAG 20.01.09

 

Desse møtte:           Øystein Nerland, Marvin Kopperstad, Synnøve Sørheller, Sissel Fjørtoft, Inger Vikene, Ellinor Monsen, Sigbjørn Myren,

Karete Johannesen, Jack Remøy, Bodil Karin Kvalsund, Jens Terje Johnsen og Olav Torvik.

 

REFERATSAKER

  1. Ingen kommentarar til innkalling og referat.
  2. Christian Lillebø Remøy er no tilsett i 10 % stilling og Birgitta Skorpen i 40% stilling.
  3. Kirkeaktuelt er lagt ut på kyrkjetorget.
  4. Sjur Sæter har sagt opp og teke til som prest i Vanylven. Han har fått avskjedsgåve frå soknerådet.
  5. Iko nytt er lagt ut på kyrkjetorget.
  6. Møre i misjon har sendt litt info.
  7. Kapell – Entrepenørarbeidet skal vere ferdig til 1.mars, men det vil ikkje vere klart til bruk frå den datoen. Arbeidet med å finne liturgiske møblar har nettopp starta, og utsmykkinga vil heller ikkje vere klar til den datoen.
  8. Forslaget til nye tekstrekker er på høyring. I Herøy kyrkje har vi allereie starta.  Ein har no har 3 rekker å velje mellom i staden for to. Der er også ei fortellingstekst i tillegg til dei andre, denne kan t.d brukast i familiegudstenester. I tillegg er der ei poetisk tekst som ein ev. kan lese i staden for ein salme mellom tekstane.  Bots og bededag går også ut, tekstane er der, men no heiter det 12. søndag etter pinse. Alle tekstar er veiledande og ein kan velge inn andre tekster.

 

 

SAKLISTE

 

SAK 1 -2009  SAMARBEIDSMØTE MED ELDSTERÅDET I HERØY FRIKYRKJE

Bakgrunnen for at dei hadde lyst å ha eit møte med soknerådet er det synet Jens har i homofilisaka. Dette meiner dei er så på kant med deira teologiske syn at det måtte få fylgjer. Samtidig synest dei at det er viktig å oppretthalde ein dialog i ei slik sak. Det som er viktig no er vegen vidare og at den vert ryddig og grei.

Når det gjeld samarbeidet mellom kyrkjene så vil det meste fortsette som før. Samarbeidet i ungdomsarbeidet, i sosial etiske spørsmål og andaktane på Herøy alders og sjukeheim går som før. Det einaste som er endra er at ein ikkje lenger preiker på kvarandre si gudsteneste, men har besøksgudstenester i staden for. Herøy kyrkjelyd vil besøke frikyrkja på bibeldagen, og Herøy frikyrkje vil besøkje oss på søndagsskulens dag til hausten. Soknerådet meinte det var positivt at dei tok initiativet til eit slikt møte, og det er viktig at ein kan jobbe seg gjennom ting i fellesskap. Det kan også vere ein ide å ha eit fellesmøte til hausten også.

 

SAK 2- 2009  VAL AV LEIAR; NESTLEIAR OG SEKRETÆR

                        Soknerådet gjorde fylgjande val:

                        Leiar: Øystein Nerland,

                        Nestleiar: Olav Torvik

                        Sekretær: Bodil Karin Kvalsund

SAK 3 – 2009 VAL 2009

Valet skal skje samtidig med stortingsvalet til hausten. Det skal no velgast sokneråd for to år. Ein kan ha forhåndsval til fredagen før valet. Soknerådet bestemmer kvar valget skal vere. Det er ynskjelig at det er i tilstøytande rom som stortingsvalet.

            Valkomiteen skal ha ei innstilling til neste møte. Valkomité er Øystein, Bodil og Olav.

 

SAK 4-2009 ARBEID MED KYRKJEKJELLAR

            Komiteen har hatt eit møte der ein har sett på det med utviding av ungdomsavdelinga. Dei la fram eit forslag om å starte med delar av kjellaren, då kunne ein ha flytta biljard

Og bordtennisbordet slik at det vart fleire sitjeplassar. Fyrst av alt må ein henvende seg til arkitekt for å få kostnadane med å lage ei skisse. Ein må og sjekke ut kva som skal til for å få bruksgodkjenning. Vi tek opp igjen saka neste gong.

 

SAK 5 -2009 GUDSTENESTEUTVAL

Høyringsfrist for gudstenestereforma er 15.september 2009 med eventuell iverksetjing 1.søndag i advent 2011. Det hadde kanskje vore ein ide at nokon sette seg inn i kva reforma går ut på. Ein tanke er at det utvalget som har fungert i prosjektgudstenestene kan fortsetje som eit foreløpig utval. Dei kan då jobbe litt med tilpasning av reforma til vår kyrkjelyd. Jens jobber vidare med dette.

 

SAK 6 -2009 EVENTUELT

  • Søknad frå Birgitta om støtte til å sende delegater til ungdomstinget i Møre Bispedømme.
    • Vedtak: Soknerådet dekker avgifta for inntil 6 personar
  • Søknad frå kulturskulen om elevkonsert 25.03.06. Den er innvilga men ein ber om at dei er ferdig til kyrkjekoret skal øve kl.19.30
  • Der er temamøte angåande asylmottak i vår kyrkjelyd torsdag 29.01.09
  • Rikke melder at dei vil prøve med eit bokbord etter gudstenesta 15.01.09
  • Vi har fått invitasjon til eit tekstlesar, drama, forteller kurs som skal vere i Herøy Frikyrkje laurdag 21.02.09. Det kostar kr. 250,- og ein kan melde seg på til Erhard Hermansen.
  • Offerliste- Karete la fram forslag til offerliste, vi gjorde litt endringar og ho står slik inntil vidare. Vi bruker denne til vi har fått sett på budsjett og regnskap etter 1.kvartal 2009.

 

Nerlandsøy 22.01.09

Bodil Karin Kvalsund

-sekretær-