| Referat Juni 10 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| torsdag 09. september 2010 | |
Referat Juni 2010REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE Tysdag 08.06.10 kl 19.00. Fellesmøte med stab frå kl 20.30
Desse møtte: Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Olaus Jon Kopperstad, Paul Sundnes, Siril Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Bodil Leinebø, Magne Kopperstad, Magnus Myklebust. Frå kl. 20.30: tilsette ved kyrkjekontoret.
Referatsaker: 1. Kommentar til innkalling/referat Skrive berre vedtak, treng ikkje nemne kven som seier kva 2. Kjellarrom i kyrkja, OK for FT-styret, kortare utleige, og ikkje kollidere med fredagskveldane Det er greit. 3. Konsert Blue Horn Jazzband 18.06 kl 20.00, deler 40/60 av salget, overskot går til misjonsprosjekt, orientering Bodil, Inger og Olaus-Jon ansvar. Oppmøte kl. 1900. Avrivningsblokker, får ansvarlege kjøpe på Vestvang. Henge opp plakatar på: Handelshuset, Mega, Lied, Kiwi, Meny, Bryggen, butikkar på Leikong ,i Tjørvåg og på Pekas. Saft og kaffi. Annonse og omtale i Vestlandsnytt sponsa ved Nordea v/Øystein. 4. Tilbakemelding ad babysong. Kristin Kristin høyrer med Gunnhild Hatlen om ho kan tenkje seg oppgåva. 5. Studiepermisjon Jens Terje Johnsen, 11.05.10-11.09.10, Bjørn Leinebø trer inn i stillinga
6. Tekstrekker, orientering frå Møre Bispedømme, tilbake til gamal ordning Greit! 7. Orientering Fellesgudsteneste 20.06 OK! 8. Plan for trusopplæring, kurs på Leikong Tek att seinare 9. Sponsing av mobilrekning til leiar av FT-styret? (Jørgen Kopperstad), orientering. Forslag: 50 kr pr mnd, utbetalt to g pr år, frå konto til ungdomsarbeid OK! Bjørg betalar ut frå ungdomsarbeidkonto. 10. Program vox Humana 05.06.10
11. Fordeling av turar, ut på tur Kuttar ut nokre av turane. Vart litt vanskeleg å fordele ansvar, litt for ambisiøst. 12. Årsmelding, Den Norske Kyrkja, lagt i hylla OK! 13. IKO-nytt, lagt i hylla OK! 14. Rundskriv, tilskot til istandsetjing av kyrkjebygg, forvaltning/registrering av kyrkjeinnventar OK! 15. Info frå IKO: ”menighetens gavepakke” OK! 16. Revisjonsberettning/årsmelding Kirkens SOS, lagt i hylla OK! 17. Info skriv om Konfirmant 2011 OK!
18. Info/kortversjon innhaldet i trusopplæringa OK! 19. Ny bok, lovsamling for Den Norske kyrkja OK! 20. Tur til Flåvær 22.08 utgår, utsetje til september? Annan stad eller så går det ut! 21. Rekning frå Ingrid K Warholm ad barneleiarkonferanse, kr 2450,- Ber kyrkjekontoret betale ut frå soknerådskonto Får ordna opp i dette. Flybilletten er dekt frå før via Siril. 22. Møteplan hausten 2010; 24.08, 28.09, 26.10, 30.11, AU tirsdagen før OK! Tid: 20.00-22.00 23. Eventuelle hastesaker, kan takast av AU fram til neste møte, orientering via mail OK!
SAKLISTE
SAK 22/10 Leige av kyrkje, 13.11.10, Kor/symfoniorkester Volda Kor og symfoniorkester frå Høgskulen i Volda ynskjer å framføre Handels Messisas laurdag 13.11.10 Forslag til vedtak: Leige innvilga innanfor vanlege normer for utleige OK!
SAK 23/10 Leige av kyrkje, laurdag 23.10, Aalesund Mandssangforening Aktuelt kor søkjer om å leige kyrkja i lag med Ytre Suløen. Repertoar ukjent Forslag til vedtak: Leige innvilga innanfor vanlege normer for utleige OK!
SAK 24/10 Ungdomsarbeiderstilling Christian Lillebø Remøy slutter i stillinga no i sommer. Soknerådet vedtok å kjøpe inn gåvekort på G-sport som takk.
Vi treng ein ny arbeider i 20 % stilling. Andre Sæter er spurd om å ta over i eit vikariat. Orientering Forslag til vedtak: Karete Johannessen og Øystein Nerland tek Andre Sæter inn til intervju om ungdomsarbeiderstilling, og vert gitt fullmakt til ev. tilsetjing ut 2010 med høve til forlenging. Arbeidsinnstruks vert utarbeidd i lag med Birgitta Skorpen. Foreslår tilsetjing frå august til desember 2010 i første omgong. Vi ber om politiattest.
SAK 25/10 Tilbakemelding, revisjon Gudstenesteplan Ein har no starta på ein revisjon og vi ser at antal gudstenester for våra sokn går ein del ned. Dette vil igjen også ha innverknad på økonomiske rammer for offeroppset. Revisjonen må gå sin gang, men vi bør gi tilbakemelding på at dette vil vere uheldig for Herøy Kyrkje, samt purre på 25% stillinga som vil kunne betre på situasjonen.Forslag til vedtak: Ein tek rapporten til etterretning, og ser at antal GT i Herøy sokn går ned. Vi synest dette er beklageleg, og vil spesielt be om at 25 % vakans vert tilbakeført så raskt som råd.. Vi understreker at 25% vakansen bør kome raskt attende! Antal gudstenester vert no: i Herøy 47, Leikong 27 og Indre 26.
Prøver å få nattverd under familiegudsteneste 1-2 gongar i halvåret. Råder til å ha fleire utdelingsstasjonar.
SAK 26/10 Søndagskule Herøy Kyrkje hausten 2010 Vi prøver igjen å få dette til. Prøve å få lage eit oppset for hausten 2010 med aktuelle datoer i forhold til preikeliste. Lage plakater, falderar som vi kan dele ut, få det inn på kyrkjekalender. Vi treng videre tips/råd om korleis få dette til. Forslag til vedtak: Fri drøfting Gruppa som arbeider med ein søndagsskulefaldar vil sjå over gudstenesteplan og samordne med den. Lage ein plan. Få det inn i Vestlandsnytt under søndagsskule.
SAK 27/10 Budsjett, tilbakemelding Kvartalsrapport vert oversendt frå kyrkjekontoret, fri drøfting Tatt budsjettet til etterretning, fortsett ein del å gjere med giverteneste, fokusere på dette. Minner om at det er ganske mykje som må inn på offerbiten på 4 mnd (i følgje budsjett).
Eventuelt
Prosten Evy Kvamsdal går av og Kjetil Frøysa vart konstituert frå 15. Juni 2010 i eitt år framover!
- Fellesmøte ilag med staben:
Utfordrer kyrkjeverja til å lage ei sosial ”happening” for sokneråda og stab i august/september. Litt informasjon om stoda rundt saka (personalsaka) som har vore oppe i media siste tida. (No i ettertid av saka ser ein at fellesrådet burde kanskje vore informert om saka på eit tidlegare tidspunkt). Fokusere framover på ”kva no? Framtidsvyar! Kva med kyrkjelyden opp i dette? Sokneråda har ansvar for at kyrkjelyden held saman. Må dempe populariseringa som er på gang. Prøve å unngå media! Viktig at det vert understreka at det er ei personalsak og at det er teieplikt rundt det. Målet for staben no er å få til eit samarbeid. Om prosessen i denne permisjonstida og kva den inneheld, er enno ikkje klart. Ein må kome til ei erkjenning før ein kan kome vidare…
Forslag til korleis å få ”brennande hjarter” i kyrkjelyden: Sosiale engasjement mellom stab og sokneråda bør prioriterast, gjere kjekke ting i lag. Minner om dei positive tinga som fungerer godt: Fredagstreff, kor, barneklubb m.m. Forslag om å oppdatere heimesida til kyrkja. Kanskje skrive litt om arbeidsoppgåvene til dei tilsette. Eitt mål av gongen. Når det er nådd, så set ein eitt nytt mål. O.s.b. Dersom nokon har lyst til å gjere ting i kyrkja som dei er engasjerte i, så bør dei få lov! Treff som innehald mat? Utvida kyrkjekaffi? Sal av middag?
Nerlandsøy 08.06.10 Bodil Leinebø -sekretær-
|





