| Referat Juni |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| mandag 09. juli 2007 | |
Referat JuniREFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE MANDAG 11.06.07
Desse møtte: Øystein Nerland, Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Jack Remøy.
Referatsaker: 1. Ingen kommentarer til innkalling og referat 2. Konsert med Jon Lotterud vert fredag 28.09. Kjem tilbake til meir på neste møte. 3. Herøy kyrkje på tur – positive tilbakemeldingar frå folk i kyrkjelyden. Når det gjeld turen til Skorpa er det snakk om å ha påmelding ei veke på forhand. Då kan ein ev. leige Lanternen viss det er mange som vil vere med. Prøvde å fordele turar mellom soknerådsmedlemmane. Heida 17.juni skal ein prøve å finne nokon frå Leikong som vil vere kjentmann, Frøystadtua 24.juni tek Synnøve og Runde 8/7 tek Øystein. 4. Referat frå møte i fellesrådet – Dei gjekk gjennom stillingsbeskrivelsane som vi hadde opp i sist møte. Den på kirketenar vart send tilbake, likeeins organisten sin. Dei hadde og oppe sak om området rundt bautaen, og det vert jobba vidare med det. Kapellet var største saka, jmf referatsak 14. 5. Bodil delte ut ny halvårsplan for aktivitetane som er spikra til hausten. Når vi ser på denne ser vi at der er litt for dårlege rutiner på at alt som har med konsertar og liknande kjem til soknerådet. Det bør ein prøve å endre på slik at når dei ringer og spør etter kyrkja så får dei beskjed om at dei må søkje, og at det ikkje vert registrert før ein formell søknad er komen til soknerådet. Det bør også ligge ein aktivitetskalender på heimesida som gjeld det neste halvåret. 6. 30.06 hadde vi bestemt at vi skulle ha opa kyrkje. Det viser seg at kyrkja er utleigd til selskap den dagen og derfor vert dette avlyst. 7. Befaring i Herøy kyrkje, tilbakemelding frå kirkekonsulent. Han kommenterte at stolane var litt lave i ryggen, og det faktum at preikestolen var i betong. Han meinte det kunne vere ein fordel viss den var flyttbar. 8. 07.06.07 var det opplæring på bruk av lydanlegget. Dei som var med har no lært det grunnleggande for å bruke det. 9. Det har kome informasjon frå Normisjon 10. IKO nytt er også komt. Der står ein heil del som ein kanskje kan nytte i barne og ungdomsarbeidet. 11. Info frå kirkens nødhjelp – vert oversendt til Beate 12. Tilbakemelding fasteaksjon- I Møre og Romsdal kom der inn vel 2 millionar. 13. Konfirmantopplegg 2008, frå KN – vert oversendt til Beate 14. Orientering kapell – Grunna mykje gaver frå private kan ein starte på kapellet allereie neste år. Fellesrådet har søkt kommuna om å få framskunde deira midler til prosjektet. Dei vil og hente inn anbud på arbeidet.
SAKLISTE
SAK 37/07 Diakoni plan Vi gjekk gjennom den noverande diakoniplanen og endra der det var behov. Vi diskuterte litt om det var råd å linke denne opp til aktivitetsplanen til kyrkja. Viss ein klikka på Ten-sing t.d så kom ein fram til informasjon om det, sameleis viss ein klikka på kyrkjekoret. Vi ser på denne planen som ein prøveklut på korleis våre tankar vert fylgt opp av kyrkjekontoret. Dette er litt av våre ynskjer for kyrkjelyden. Kanskje kunne det også vore mulig at vi fekk eit ord med i laget når det vart laga halvårsplanar?
Vi kom også inn på det med diakoniutvalet. Dette utvalet bør velgast av soknerådet slik at ikkje det vert slik at den som er representant frå soknerådet må få med seg folk sjølv. Det bør vere med 2 stk frå soknerådet i utvalet. Inger tenkjer litt meir over korleis ho ser dette føre seg, og lagar ei oversikt over utvalet sine oppgåver pr. i dag. Så tek vi det opp igjen på neste møte.
SAK 38/07 Val av representant til PLBN, kapell/uteområdet Karete Johannesen vart valt som representant frå Herøy sokneråd
SAK 39/7 Eventuelt I forbindelse med at aktørar ynskjer å leige kyrkja til konsertar og liknande bør vi kanskje ha eit fast søknadsskjema dei kan fylle ut. Dette kunne ligge ute på heimesida, og det vart lettare for dei å sende ein søknad enten elektronisk eller på papir. Soknerådet utfordrar kirkeverga til å utforme eit slikt skjema. Kostnadane ved å leige kyrkja bør stå i skjemaet.
Nerlandsøy 14.06.07 Bodil Karin Kvalsund -dagleg leiar-
|





