Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat Mai 08
Referat Mai 08 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
tirsdag 02. september 2008

Referat Mai 2008

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

TIRSDAG 27. MAI 2008

 

Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Øystein Nerland, Beate Nes, Jens Terje Johnsen

 

REFERATSAKER

  1. Ingen kommentar til innkalling og referat
  2. Forslagskasse- får ikkje tak i rett sort treverk, så då må det innom utsmykkingsnemda.
  3. Helge Håberg vil administrere heimesida til Herøy Kyrkje 2 – 3 md. Etter det ser han om han vil fortsetje. Han skriv då innlegg frå enkelte konsertar og ting som skjer i kyrkja.
  4. Kyrkjekalender- manglar kalkyle, men innstikk i Vestlandsnytt vert for dyrt. Då er det betre å lage det til som ei slags annonse som folk kan klippe ut. Då kan kyrkjekalenderen i dei to andre kyrkjene stå samtidig. Samtidig printer vi ut nokre som kan ligge i kyrkja slik at folk kan ta med heim igjen.
  5. Ut på tur – dårleg oppmøte so langt, men turane går som planlagt.
  6. Møteplan for hausten 2008. Soknerådsmøte: 26.08, 30.09, 28.10, 25.11.

Au tirsdagen før

  1. Info NMS gjenbruk
  2. Infobrev frå Bjørn og Johanne Leinebø – heng på tavla i kyrkja
  3. 316 Salmer og sanger har kome i nytt opplag
  4. Ut på tur med menigheten, gjeld turar til Afrika
  5. Kor frå Kamerun har konsert i Ulstein Kyrkje 18.07.08
  6. Utnevne komité familiegudsteneste/ettermiddagsgudsteneste. Jens fekk ein del namn som han kan spørje. Det kan vere ynskjelig med ein fast komité for familiegudstenester, komiteen kunne vore oppnemnt for to år, og ha ansvar for ei gudsteneste på hausten og to på våren.
  7. Ropet frå Øst
  8. Takk frå NMS
  9. Internasjonal dag for fred i Palestina og Israel
  10. Infolinker frå IKO og Dåpsklubb bør sendast til Mor og Barn, skulekontoret og barnehageavdelinga
  11. Invitasjon til landsomfattande dugnad. www.hundrearsmalene.no
  12. Felleskristen bønnefaste for ekteskapet og barns rettigheter
  13. Kyrkjebyggkonferanse i Stavanger 1-3 september 2008. Sissel tek med dette til fellesrådet.
  14. Kurskalender frå KA
  15. Oversikt frå Kirkens Sos, regnskap og årsmelding
  16. Takk frå NLM- offer

 

 

 

 

 

SAKLISTE

 

 

SAK 28/08  Tilsetjing av ungdomsarbeider

Karete, Marit og Tone var med på intervju av Audun Høydal og Birgitta Skorpen. Utifrå oppgåver/ ansvar delte ein stillinga i 30/ 20. Då vert Birgitta administrator.

Vedtak: Soknerådet tilset Birgitta Skorpen  i 30 % og Audun Høydal i 20 % stilling som ungdomsarbeider i Herøy Kyrkje. Sigbjørn, Karete og Øystein vert kontaktgruppa deira frå soknerådet. Staben må også velge ein.

 

SAK 29/08 Statuttar for Fredagstreffet, Arbeidsavtale Ungdomsarbeider

Forslag til arbeidsavtaler vart godkjent.

Når det gjeld statuttar for fredagstreffet vart desse føreslått:

·        Fredagstreffet er Herøy kyrkje sin ungdomsklubb, og er forplikta på same trus –og normgrunnlag som Den Norske kyrkja

·        Målsettinga for klubben er at dei unge skal modnast i kristen tru og livstyding, og utvikle ein sunn kristen identitet.

·        Herøy sokneråd er ansvarleg for arbeidet og tilset til ei kvar tid egna og tilstrekkelig personale som driv klubben i lag med frivillige i kyrkjelyden.

·        Klubbleiinga omgir seg med eit styre vald mellom deltakarane. Dei er ansvarleg for at det vert ført regnskap og medlemsregister, og dei rapporterer årleg om verksemda til soknerådet.

·        Hovedregnskap vert ført av økonomiansvarleg i kyrkja

 

Der burde og vere eit sett av reglar for Fredagstreffet med nokre overordna prinsipp.

Statuttane vert sendt tilbake til Tone, Birgitta og Audun slik at dei kan sjå på dei. Det kan og vere greitt å lage eit  sett ordensreglar for kva som er godtatt oppførsel, t.d. når kan dei som er vaksenleiarar utvise ein person, kvar går grensa?. Kanskje det også kunne vere ein ide å ha eit lite skriv til dei frivillige der det står noko om kva som er forventa av dei når dei er på Fredagstreff.

Vi tek opp at saka i august.

 

SAK 30/08 Konfirmantopplegg

Det har vore eit ganske stort kull i år. Dei har hatt undervisning kvar 3.veke. Det viser seg at konfirmantane set stor pris på fellesopplegg, men det kan vere vanskelig å få tak i nok ledarar til leir og liknande. I den forbindelse bør ein krevje meir av foreldra slik at dei må ta sin del av ansvaret.

Det er vanskelig å arrangere berre ei konfirmasjonsgudsteneste pr. søndag. Ein må prøve å gi dei beskjed om kva gudsteneste dei skal vere med på tidleg på hausten. Viss det er snakk om byting må dei gjere det innbyrdes. Når oppdelinga vert gjort vil ein også prøve å ikkje dele små bygder i to.

Kyrkja har også vore utleigd til selskap, men heretter får dei beskjed om at dei ikkje kan dekke bord før etter siste gudstenesta.

Soknerådet kom med forslag om å synliggjere konfirmantane meir i gudstenesta. Kanskje kan dei få ei oppgåve. Det krev sjølvsagt at andre enn Beate tek ansvaret for dette. Eit alternativ er å vere kirkevertar.
I den forbindelse må ein høyre om dei som er oppsett vil ha med seg konfirmantar eller ikkje.

Kirkevertane burde innkallast til møte ein gong i året, prøver å få det til i juni og då kan ein avklare det om konfirmantane kan ta del. Ein må då lage ein plan og konfirmantane må bytte innbyrdes.

 

Når det gjeld evaluering viser det seg at det er vanskelig å samle konfirmantane etter konfirmasjonen. Beate har laga eit evalueringsskjema som ho sender på mail til soknerådet når det er ferdig.

 

SAK 31/08 Søknad om støtte

Kateket og barne og ungdomsarbeider søkjer om støtte til etterarbeid etter Bourbon Dolphin ulykka, totalt på kr 2911. Dette gjekk til innkjøp av bøker samt 500 kr til mat

Vedtak: Soknerådet takker for arbeidet som ungdomsarbeider og kateket har gjort for ungdomane og innvilger søknad.  Ber om at ein for seinare anledning søkjer om støtte i forkant av arrangement

 

SAK 32/08 Bruk av fond, retningslinjer

Vi såg over dei ulike fonda og gjorde desse vedtaka:

·        Fondet for eitåringstenesta går ut. Det som står igjen på fondet vert overført til fonda som gjeld ungdsomarbeidet og konfirmantarbeidet med kr. 10.000,- til kvar.

·        Fond for ungdomsarbeidet bør stå som det er, og ha det som buffer i tilfelle underskot.

·        Diakoniarbeidet står som før

·        Kyrkjemusikalsk arbeid står som før med kantor som budsjettansvarlig

·        Laurdagstorget- kan stå men med ei anna overskrift etter kvart. Kunne kanskje vore brukt til sosiale ting i kyrkja

·        Konfirmantkapper her avventer vi fordeling mellom dei ulike kyrkjelydane

·        Ny kyrkje – står som før.

 

SAK 33/08 Eventuelt

·        Søknad frå Leikong blandakor om leige av kyrkja til julekonsert 29/11.  Vedtak: Leikong blandakor får leige kyrkja på vanlege vilkår så sant det ikkje kolliderer med andre arrangement.

·        Det burde vore arrangert laurdagstorg i forbindelse med båtfestivalen i juli, det vil seie laurdag 19.juli. Soknerådet ber kyrkjekontoret om å prøve å få folk til det, ta for seg frivilligheitslista. Når det gjeld tidspunkt bør det sjåast i forhold til programmet i Fosnavågen.

·        Der er ein del rust som viser gjennom malinga rundt kyrkja. Vi ber om at det vert masa på dei som har levert maling slik at det kan verte gjort noko med. Det er ganske skjemmande slik det ser ut i dag.

·        Audun foreslo å kjøpe inn Ungdomsbibelen til Fredagsfreffet. Karete sjekker ut om dette er noko vi vil gi vidare.

·        Dersom der kjem saker i løpet av sommaren, så sender Øystein dei ut på høyring i Soknerådet, så kan AU gjere endeleg vedtak.