Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat Oktober 11
Referat Oktober 11 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
tirsdag 06. desember 2011

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

Tysdag 25.10.11 kl 20.00

Desse møtte: Inger Vikene, Karete Johannessen, Olaus Jon Kopperstad, Paul Sundnes, Siril Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Bodil Leinebø, Magnus Myklebust ,

Alle møtte frå det nye soknerådet: Alette Teige, Bjørn Otterlei, Olgunn Torvanger, Mona R. Kvalsvik, Geir Einar Leinebø, Cecilie Zahl, Kristin M. Lystad, Signe S. Muren, Ester Higraf og Sølvi K. Brendmo


Referatsaker:

1.      Kommentar til innkalling/referat, siste møte

2.      Søknad om vidare ungdomsarbeiderstilling vidaresendt til Fellesråd

3.   Sendt over sak om overtaking arbeidsgiveransvar for ungdomsarbeidar

4.   Oppmoda Herøynytt pr mail om ikkje å filme nattverdgang

 

SAK 36/11 Møte mellom nytt og gamalt sokneråd

Fri drøfting

Øystein gjekk igjennom liste: ”Overlapp møte nytt sokneråd”. Sjå liste nedanfor. Kommentarar til liste kjem i raud kursiv.

 

Overlapp møte nytt sokneråd

-         Vekke og nære det åndelege livet i kyrkjelyden

-          Val av leiar, nestleiar, sekretær. Val årleg.

-          Arbeidsutval: leiar, nestleiar og prest som førebur sakliste ei veke før møte, sender ut sakliste ei veke før sokneråd til førebuing. Kommunikasjon går føre seg på mail. Dei som ikkje har mail, må seie i frå, slik at ein får sende brev.

-          Soknerådet er arbeidsgivar for ungdomsarbeidar, samt har ei kontaktgruppe for ungdomsarbeidar. Det vert søkt om at Fellesråd kan ta over arbeidsgivaransvar, ein lyt framleis ha kontaktgruppe for ungdomsarbeidar. Vere obs på å ha ei kontaktgruppe for ungdomsarbeidar. Desse har ofte hatt møte med ungdomsarbeidaren ein gong i månaden, ein time i forkant av soknerådsmøtet. (Søkjer no om at Fellesråd kan ta over arbeidsgivaransvar).

-          Representant til trusopplæringsutval

-          Gudstenesteutval, ny gudstenesteform

-          2 representantar til Fellesråd, 2 frå kvart sokn, samt prest og representant frå Herøy kommune, kyrkjeverje er sekretær.  Desse styrer med økonomi for kyrkjene i soknet,  planarbeid, forvalting av kyrkjene, kyrkjegardar, personalansvar, tilsetjing av alle unnateke prest/ungdomsarbeidar, koordinering av sokneråda

-          Samarbeid med stab, 13 stk, lurt å ha fellesmøte med etterkvart

-          Representant til diakoniutval Inger Vikene har eit opplysande ark det nye soknerådet kan få.

-          Arbeid kyrkjekjeller, Jack Remøy leiar Soknerådet slepp arbeid med dette, eige utval for dette.

-          Misjonsavtale NMS, Misjonskontakt Johanne Leinebø, misjonsnemnd

Arbeid: setje opp budsjett, rekneskap, dette vert organisert via Herøy kommune frå 01.01.12 Rekneskap: råde til å bruke malen som gammalt sokneråd har brukt, ev. legge på 2-3 % til andre ting de vil satse på. Hugs å få månadleg srapport frå 01.01.12.  Mesteparten vert henta inn frå ofring, kommune og………

-          Setje opp offerliste

-          Setje opp kyrkjevertliste  Kristin Lystad har organisert dette. Positivt om ein kan gjeninnføre samling for frivillige; slik at dei får møtest.

-          Behandle søknadar om leige av kyrkja, utleigereglement

-Heimeside www.heroy.kyrkje.no Burde ha vore meir brukt. Bør vere meir oppdatert. Jommla, programvare. Få på nynorsk. Alette kontakter Bjørn Edvard Wanvik ad programvare.

            Oppmoder  Fellesrådet om å legge inn referata sine.

           Aktivitetane: hadde vore fint om det var meir synleg på heimesida. Forslag om at det                      vert sendt ut eit hefte pålydande: Dette kan du gjere/vere med på i kyrkja vår:……………

-          Fasteaksjon med konfirmantane i samarbeid med kateket

-           Julekonsert Rune Larsen i år Hugs parkeringsvakt, billettsalg, matservering. Hugs å få ut plakatar snarast. Utfordrer Fredagstreffungdomane til å selje kaffi og kaker til inntekt for kjellaren.

-          Aktivitetar i kyrkjelyden, drive av frivillige: Kyrkjespirer, søndagskule, kyrkjeforeining, fredagstreff, krik villmark, konfirmantarbeid, kyrkjekor, diakoniutval/grupper,  kveldsmessenemnd, lekmannskorps, unge vaksne, mor og barn, utsmykkingsnemnd Søndagsskulen er vel det som ikkje fungerer så godt.

-          Diakoniplan, nedsett gruppe som jobber for tilsetting av diakon

-          Billettansvarleg ved konserter Ved billettsalg: safe på kyrkjekontoret. Få kode med Bjørg og lås inn. Hugs bilag!

-          Bruke tidlegare sokneråd, lage lister med frivillige til kakebaking, kyrkjekaffi, luking av bed, praktisk dugnad

-          Arrangere årsmøte i mars  Kan få malen til årsmøtebiten frå Øystein, be om det.

-            

-          Eventuelt:

Tilseth: uteområdet ved kyrkja. Skal vere ferdig til juni neste år. Byggestart snart.

 

            Øystein mailer over teikning av uteområdet og kjellaren til det nye soknerådet.

 

               Området ved gamle Myklebust skule, diskusjon ombruk til parkering. Det  er ikkje avklara.  Hallvard Rusten er kontaktperson. Kanskje ein heller skal vurdere ein avtale med Høgtun?

             

Lurt å kalle inn Birgitta Skorpen og Jørgen Kopperstad på neste soknerådamøte; dette for å bygge opp eit godt samarbeid.

 

 

SAK 37/11, Konstituering nytt Sokneråd Frå klokka 21.30 og utover.

 

SAK  38/11 Søknad om leige, Nerlandsøy skule 19.12.11

Nerlandsøy skule ynskjer å leige Herøy kyrkje til juleavslutning som tidlegare år. Dei har leigt kyrkje for dette siste 2 åra, ynskjer å leige på nytt.

Forslag til vedtak: Innvilga innanfor vanlege normer for utleige

  

Nerlandsøy  17.10.11

Bodil Leinebø

Sekretær

Sist oppdatert ( onsdag 08. februar 2012 )