Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat September 11
Referat September 11 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 26. oktober 2011

Referat September 11

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

 

Tysdag 27.09.11 kl 19.30

Desse møtte:  Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Karete Johannessen, Olaus Jon Kopperstad, Siril Thorsen, Kristin Monsen Lystad, Bodil Leinebø, Magne Kopperstad, Magnus Myklebust, Bjørn Leinebø. Referatsaker: 

1.      Kommentar til innkalling/referat, siste møte

         Rune Larsen skal betale 15% i leige.

2.      Møtedato hausten: 25.10.11Soknerådsmedlemmane noterer seg det

3.      Planlegging av ny misjonskveldDet kjem ein tilbake til.

4.      Tilbakemelding kyrkjekjellar (avretta, klare til oppstart), sjå sak 34/11 

5.      Bergsøy Blandakor får innvilga leige på vanlege vilkår 18.12.11Soknerådet er samde i dette.

6.      Kammerkor frå innvilga leige på vanlege vilkår 02.10.11Soknrådet har ikkje høve til å selge biletter.

7.      Info i Vestlandsnytt om Fredagstreff/ Kjellar, samt diakonitur utført.

         Det har vorte utført, og ein er nøgde med det.

8.      Info Sulbakk samling, 20.10.11

         Mail er sendt til kor og foreningar. Mogleg for  middagservering (gratis) på ettermiddag. NB! Hugs påmelding!

9.      Sendt søknad om støtte til Herøy Næringsforum.

OK
10.  Oppmoda FT-styret om å søkje fondstøtte til kjellaren.OK11.  Leikanger og Indre Herøy Sokn ynskjer å vere med på gåve til Jens Det er fint.

 

SAKLISTE

 

 

SAK 32/11 Evaluering Soknerådsval 2011

-Det var 18% valdeltaking i vår krets.

-Det bør vere fleire PC-ar under oppteljing.-Ein vil framleis ha val i bygdene.- I Fosnavåg bør valet vere på servicetorget. Formannskapsalen var eit uheldig lokale!-Det bør vere 20 stk på oppteljinga i Herøy sokn. -Det burde vere meir info i Vestlandsnytt om korleis det skal stemmast.-Det bør sendast ei oppmoding sentralt om at det ikkje bør kunne stryke namn på listene. Ein synest det bør vere ei felles ordning (bispedømeråd, sokneråd og kommunalt val). Kyrkjeverja får ansvar om å sende ei slik oppmpding.-Det bør vere bilete av kandidatane til soknerådsvalet i avisene/heimesida til kyrkja. -Ein meiner at teljekorpset bør vere andre enn soknerådet.  
 
SAK 33/11, Bruk av heimeside, orientering om aktiviteter i kyrkjelyden
Heimesida er tenkt som Herøy Sokn si heimeside. Ein råder til at den vert oppgradert til nyaste versjon, nynorskversjon. Soknerådet leiger inn Bjørn Edvard Wanvik.
 
Kyrkjekontoret: Beate og Bjørg vert oppmoda om å legge ut meir info. Nynorsk versjon.
    
SAK  34/11 Søknad om videre ungdomsarbeider stilling Sjå tidlegare utsendt søknad,.  Vi omarbeider søknaden litt og sender den til fellesrådet som behandler den vidare. Øystein og Olaus Jon diskuterer med kyrkjeverja og kjem fram til ein konklusjon. 
 

 

SAK 35/11 Kyrkjekjeller

 Jack Remøy var til stade og orienterte om føgjande: Det er finstøypt nede i kjellaren. Moldskred har kome med ny teikning. Salen får 96 sitjeplassar. Ein ønskjer fleire grupperom Bygget er frå før isolert frå utsida og inni veggane, så ein vedtek å isolere berre i amfiet.  Under amfiet vert det lagerrom, med dører frå aktivitetsrommet til desse. Det skal vere eit auditorium der ein tenkjer seg dataaktivitet, elektrisitet, gode bilde- og lydanlegg.  Det er også tenkt eldretrim, open barnehage/dåpsopplæring. Jack foreslår ei gruppe som kan arbeide med dette. Målet er oppstart hausent 2012. Sitjande sokneråd vedtek/gir fullmakt til at byggenemda med sine undergrupper skal arbeide fram mot det som er nemnd ovanfor..  Ein ønskjer ei gruppe med pensjonistar (eldretrim, eldreakademi). Soknerådet tenkjer det kan vere lurt å vere på eit av pensjonistforeninga sine møter og lufte ideane om byggearbeidet i kyrkja. Det vert også nemnd nokre namn på personar ein kan spørje. Jack set ned namn og startar arbeidet med det.  Det er no klart for å innreie kjellaren. Andor Leine er villig til å ta ansvar for og leie arbeidet. Han er delvis lønna (før kl. 1600), og etter arbeidstid er det dugnad. Soknerådet vil ha formalisert byggjenemda. Følgjande vedtak vart gjort:  Soknerådet oppnemner fylgjande byggenemnd for kyrkjekjellaren:  Jack Remøy,  Øystein Nerland, Andor Leine, Birgitta Skorpen, Jørgen Kopperstad Byggenemnda får i oppdrag å gjennomføre utbygging av kyrkjekjellaren i samsvar med   plandokument frå Moldskred AS Byggenemnda får ansvar for å koordinere og avklare arbeidet overfor konsulentar, kommunale styresmakter, HVS og dugnadinnsats. Byggenemnda skal gjennomføre arbeidet innanfor ei økonomisk ramme på kr 2 300 000 som er stilt til disposisjon for fullføring av av arbeidet.  
 
 Eventuelt:
 -Heimane våre søkjer om leige på vanlege vilkår, 23. mars 2012. Dette vert innvilga 
 
-Frivilligsentralen v/Brit Paulsen ringde om vi hadde gratisbillett som utlodning. Herøy sokneråd sponsar to bilettar til Rune Larsen-konsert 2. desember. 
 
-Soknerådet oppmoder Fredagstreffet om ha stand på Frivilligdagen 15. oktober.
 
 -Soknerådet råder til at Herøy Kyrkjelege Fellesrådet har arbeidsgivaransvar for ungdomsarbeidaren. Leier sender over søknad om dette 
 
-Kyrkjekaffiorganiseringa er eit litt uklart punkt: Kven gjer kva? Her bør kome ei nemd. Dette er ei oppgåve for det nye soknerådet.  
 
-Lista med frivillige (luking, måling o.l.) som vart sendt ut på årsmøtet i mars bør verte brukt! 
 
-Prosten, Klementsen, har sendt eit brev til fung. Sokneprest vedr tenesta til tidlegare sokneprest i Herøy(datert 27.09.11. (Utveksling av prestane i gudstenester o.l.) Han råder til at det bør gå ei tid, om lag til sommaren 2012, fordi ein framleis treng ro rundt den tidlegare konflikta.  Herøy Sokneråd tek brev frå prosten til vitande. Vi føler at tidsramma er for lang. Dersom situasjonen etter nyttår tilseier det, dvs at ein på nytt ikkje har negativ medieomtale om saka, ynskjer Herøy Sokneråd at JTJ kan ta del på ei kveldsmesse i løpet av vår 2012

Det er og ynskjeleg at det vert jobba med å få igang Gudsteneste for utviklinghemma på ytre søre sunnmøre i løpet av2012. Ein ynskjer då at ein kan få til eit samarbeid i samarabeidsområdet for prestane. JTJ vil då vere ein naturleg aktør ilag med fleire. Herøy kyrkje vil vere ein praktisk stad å gjennomføre dette over same mal som tidlegare gjennomførte samlingar. Ein ber prost Klemetsby om å orientere Ole Arild Bø, leiar i kveldsmessenemda ang saka over Herøynytt bør få beskjed om at det ikkje er lov å filme fram mot alteret. Øystein ansvar.
 
 Ein synest at soknerådet bør vere meir synlege om kva oppgåver ein arbeider med. Forslag: at soknerådet har ein eigen skribent om saker ein vil ha i Vestlandsnytt. 
 
Ein har blitt kontakta i forhold til laurdagskonfirmasjon. Dette vert å ta opp for nytt sokneråd når søknader event kjem inn.
 
       Opning: BjørnMat: Alle 

Nerlandsøy  27.09.11

 Referent  Bodil Leinebø

 

Sist oppdatert ( onsdag 08. februar 2012 )