Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat arrow Sokneråd referat Januar 2007
Sokneråd referat Januar 2007 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
torsdag 22. mars 2007


REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE TIRSDAG 16.01.07

Desse møtte: Øystein Nerland, Sissel Fjørtoft, Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Sigbjørn Myren, Ellinor Monsen, Bodil Karin Kvalsund, Karete Johannesen, Jens Terje Johnsen og Synnøve Sørheller

Referatsaker:
  1. Ingen kommentar til innkalling og referat
  2. Vask/ oljing av kyrkjelydssal utsett til februar
  3. Korpset Ulf hadde konsert i kyrkja 6.januar. Søknaden kom for seint til å verte behandla i soknerådet. Au tok derfor avgjersla og leigde ut kyrkja på vanlege vilkår. I slike situasjonar har AU fullmakt frå soknerådet til å ta avgjersla
  4. Budsjettet for soknerådet vert sak på neste møte
  5. Åse har sendt takk for gåve og samarbeid
  6. Det har kome takk frå Nestunet for blomstergåve til jul
  7. Skriv frå Molde angåande trusopplæring og familien. Det har vorte starta eit arbeid der ein tek opp spørsmålet om korleis ein skal forhalde seg til den ”nye utvida familien” der born har både foreldre, steforeldre, sysken og stesysken. Det er sett opp ei gruppe som spesielt skal tenke på skilsmissebarn. Beate Nes er med i den gruppa, og vi regnar med ho orienterer oss om det på eit seinare tidspunkt.
  8. Trusopplæringsprosjektet: Dette er mest sannsynleg siste runde for å søke om slike midlar. Her kan det vere aktuelt å søke for arbeidet med flyktningar. Arbeidet med integrering og kristendomsopplæring ofr borna. Jens jobbar med saka og drøfter det med AU når har er ferdig med søknaden.
  9. Møteplanen som bestemt i sist møte
  10. Delte ut liste over arrangement i kyrkja så langt denne våren.
  11. Dei har ikkje fått respons frå Lisa Børud enno, men dei arbeider med saken.

SAKLISTE

 

SAK 1/07 VAL 2007Øystein Nerland vart valt til leiar, Olav Torvik til nestleiar og Bodil Kvalsund vart valt til sekretær.

SAK 2/07 ØKONOMISKE MIDLAR ETTER BARNEKORET LEVANDE LYSLevande Lys hadde kr .19.000,- på konto når dei avslutta verksemda. Herøy sokneråd får overta disponeringa av desse midla. Det vert oppmoda om å gi dei til barne og ungdomsarbeidet då primært knytt opp til musikk. Vedtak: Pengane vert overført til barne og ungdomsarbeidet knytt opp til det musikalske. Pengane skal nyttast i samråd med kantor.

SAK 3/07 SØKNAD OM LEIGE AV KYRKJA TIL OVIDS METAMORFOSE VÅREN 2007. Soknerådet ser på saka som ei vanskelig sak, og det var delte meiningar om kva vi skulle gjere. Nokre meiner at dette høyrer meir heime i eit kulturhus enn i ei kyrkje. Andre meiner vi må vere opne for kunsten. Etter litt diskusjon bestemte vi at vi skulle stemme over saka.

Vedtak: Soknerådet stemnde over saka og det gav slikt utfall: 2 stemde for å la dei få leige kyrkja, 2 stemte blankt og 5 stemte mot. Fleirtalet i soknerådet ynskjer ikkje at ein skal sette opp Ovids Metamorfose i kyrkja ein gong til no.Fleirtalet føler at gresk mytologi kanskje ikkje har sin plass i kyrkjerommet. Vi ynskjer arrangørane velkomne tilbake med søknader til andre arrangement ved eit anna høve.

Sak 4/07 GRATIS INNGANG FOR ORGANIST / KANTOR VED KONSERTER
Terje Tjervåg er musikalsk ansvarlig i kyrkja og bør kunne få gå på dei konserter som er utan å betale. Det same gjeld den som er ansvarleg for å hente inn økonomiske opplysningar, prest og soknerådsformann.

Vedtak: Organist, prest, soknerådsformann og økonomiansvarlig får gratis inngang ved konserter i Herøy kyrkje. Dette bør konsertarrangørane få vite når dei får leige kyrkja. Vi ber om at kyrkjekontoret lagar til bevis som desse kan nytte.

SAK 5/07 ÅRSMØTE 18.MARS 2007 Vi legg opp til ein halvtime til tre kvarters program fyrst. Deretter vert det mat før årsmøtet. Årsmøtet vert avslutta med ei nattverdsstund i kyrkjerommet. Øystein og Olav tek seg av årsmøtedelen Sissel, Sigbjørn og Bodil er komité for fyrste delen.

SAK 6/07 TURNE 316 EYVIND SKEIE Idehospitalet lurer på om vi er interessert i arrangere ein salmekveld med Eyvind Skeie sine salmar. Dette er ein del av ein landsomfattande turne der dei fastlegg program der dei samarbeider med lokale kor. Dei skal ha kr. 5.000,- i forhåndshonorar. Vi får 20 % av billettinntektene. Billettane skal koste kr. 250,-. Det inkluderer ei salmebok og billett. Soknerådet synest det var ein stiv pris, og kunne tenkt seg at det var frivillig om ein ville ha salmebok eller ikkje.Saka har vore lufta med Terje, og han ser positivt på det.

Vedtak: Soknerådet er positiv til tiltaket fortsett at kantor og kyrkjekoret vil stå som lokal arrangør. Soknerådet tek det økonomiske ansvaret.

SAK 7/07 BØNNERING
Vi snakka om å få med oss fleire til å be for arbeidet i kyrkjelyden. Jens arbeider med å lage utkast til eit bønnekort som vi kan dele ut. Der bør stå bønneemne for kvar dag. Vi tek opp igjen saka på neste møte, og satsar på å ha det klart til årsmøtet.

SAK 8/07 EVENTUELT

Søknad frå Sunnmøre Kristelege Mannskor om å leige kyrkja til konsert laurdag 29.september 2007. Dette er i forbindelse med 75 års jubileumet til koret. Vedtak: Dei får leige kyrkja utifrå vanlege vilkår. Viss ikkje dei skal ta inngangspengar må dei gjerast merksam på at dei lyt betale ein minstepris likevel.

Søknad frå Tone om dekking av bruk av mobiltelefon. Soknerådet vil gjerne vere med på dekke ungdomsarbeidaren sin bruk av mobiltelefon i arbeidet. Men vi ynskjer at ho skal undersøke kor stort behov ho har i løpet av eit år slik at vi kan sette av ein rettast mulig sum. Vi ber om at ho gjer det til neste møte når vi skal behandle budsjettet.

Julegudsteneste nr. 2 på julafta. Dørene til kyrkjelydssalen bør vere opne i frå starten og stolane bør stå klar slik at ikkje folk må leite etter det sjølve. I denne samanheng kom vi inn på om ikkje det skulle ha vore eit stollager på huset. Kan det vere aktuelt med stablestolar.. Samtidig kunne det vere ein ide å bestemme ein gong for alle kva som skal vere på galleriet, er det stolar eller anna? Her er og for lite bord. Vi ber om at Marit tek tak i saka og ser om det er rom for dette.

Pynting av kyrkja: Kontrakten går ut 06.04.07. For neste år ynskjer vi å utfordre nokon i kyrkjelyden til å ta oppgåva. Personen skal få eit budsjett å forhalde seg til slik at den kan kjøpe blomstrane han treng.<

Iforbindelse med budsjettarbeid bør det settast av ein konto som Res. Kap kan nytte til ulike gåver og hjelpemiddel.

Når soknerådet arrangerer konsertar skal musikarane få pengane over konto og ikkje kontant. Dette skal presiserast i avtalen som vert gjord skriftlig.

Nerlandsøy 18.01.07Bodil Karin Kvalsund

- sekretær-

 

Sist oppdatert ( mandag 02. april 2007 )